Velkommen til samtale om The Berlin Novels av Christopher Isherwood før Cabaret.

Leselaget er lesepodkasten der vi børstar støv av gamle klassikarar som på eit eller anna vis plutseleg kjennest brennande aktuelle på ny.

I løpet av dei tre sesongane Leselaget har eksistert har vi lese russisk, fransk og norsk litteratur. No har tida komme for ein forfattar med både engelsk og amerikansk statsborgarskap: Vi skal til Christopher Isherwoods bok The Berlin Novels frå 1945. Boka inneheld kortromanen Mr. Norris Changes Trains og seks noveller under tittelen Goodbye to Berlin, og er kjent for å vere inspirasjonen bak musikalen Cabaret som no speler på Det Norske Teatret.

Bli med i leselaget!

I haust inviterer vi til tre direkteinnspelingar av podkasten der dramaturg Ingrid Weme Nilsen tar for seg The Berlin Stories med ulike tematiske overskrifter. Kvar episode har ein ny gjest.

Vi vil gjerne ha deg med på laget også. Anten kan du lese boka saman med oss. Eller la andre ta seg av lesinga og berre komme for den gode samtalen. Samtalane vil skje i foajeen på teateret, med publikum til stades. I etterkant vil kvar samtale blir lagt ut som podkast.

Josette Bushell-Mingo er gjest i første episode. Foto: Ole Herman Andersen.

Del 1: Urettferd
med Josette Bushell-Mingo

Onsdag 11. november kl. 18.00

Handlinga Christopher Isherwoods bok går føre seg i eit samfunn prega av store endringar som skapar enorme vanskelegheiter for enkelte delar av folket.

Korleis kan sjølve samfunnsstrukturen bli eit verktøy for undertrykking? Og kva krev det av enkeltindividet å sette seg opp mot ein urettferdig samfunnsstruktur? Tema for første episode er URETTFERD.

Gjest er regissør Josette Bushell-Mingo. Ho er for tida aktuell med framsyninga Ei rosin i sola av Lorraine Hansberry.

Samtalen vil gå føre seg på engelsk. Den skjer i Bikuben før framsyninga Cabaret, og er gratis og ope for alle.

Gjest i andre episode er Astrid S. Dypvik. Foto: Ketil Blom Haugstulen/Samlaget

Del 2: Krig
med Astrid Sverresdotter Dypvik

Laurdag 21. november kl. 16.00

Andre episode av Leselaget handlar om KRIG. Vi les The Berlin Novels av Christopher Isherwood i lys av den historiske konteksten, med utgangspunkt i oppgjeret etter første verdskrig, og korleis det forma Weimarrepublikken, og opptakta til det som vart andre verdskrig.

Og korleis ser det eigentleg ut I Tyskland I dag?

Gjest er historikar og journalist Astrid Sverresdotter Dypvik. Ho har gitt ut fleire bøker om Tyskland, mellom anna Det mørke Tyskland : Ei reise blant høgreekstremistar og Den kortaste historia om Tyskland : Frå år ni til no.

Samtalen skjer i Bikuben før framsyninga Cabaret. Den er gratis og ope for alle.

Om Leselaget

Leselaget er ein podkast laga av Det Norske Teatret. Våren 2025 las vi Lady Macbeth frå Mtsensk frå 1865 av den russiske forfattaren Nikolaj Leskov. I sesong to las vi Les Misérables av Victor Hugo. Neste ut var Medmenneske-trilogien av Olav Duun.

Alle episodane finn du der du elles lyttar til podkast.