Velkommen til ein gratis minikonsert og samtale under Oslo Pride!
I samband med Oslo Pride inviterer vi til ein minikonsert og samtale om skeive perspektiv i scenekunsten.
Tysdag 23. juni kl. 17.15-18.15
I dette arrangementet møter du kunstnarar som arbeider med skeiv estetikk, som på ulikt vis utfordrar normative strukturar og bringer andre perspektiv inn i kunsten. Dei vil dele erfaringar, ambisjonar og utfordringar i arbeidet med eksplisitt skeiv representasjon.
Minikonsert - Prosjekt Prøysen
Terje Strømdahl og Knut Anders Sørum er i haust aktuelle med konsertframsyninga Prosjekt Prøysen på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Der skal dei dykke ned i det mørke, skakke, triste, sinte og vriene hos Alf Prøysen, for å undersøke om dei kan finne lys under storgrana. I dette arrangementet får du nokre musikalske smakebitar frå framsyninga.
Samtale - Om skeive perspektiv i scenekunsten
Regissør Nina Wester arbeider for tida med ei framsyning som tematiserer pride-terroren 25. juni 2022. Den får premiere på Hovudscenen på Det Norske Teatret i 2027. Høyr ho fortelle om prosessen ho no er inne i, og kvifor ho tenkjer at ho må leite etter alternative narrative strukturar for å kunne fortelje denne historia frå scenen. Les intervju med Nina Wester.
Dansar og koreograf Magnus Myhr er nominert til Heddaprisen for sin prestasjon i framsyninga KAUK. I grunngjevinga til juryen står det: "Med sterk utstråling, presisjon og kroppslig kontroll, tematiseres den skeive kroppen gjennom personlige fortellinger, dans, sang og kauk." Myhr har også regi på Prosjekt Prøysen saman med Jørgen Strickert.
Samtaleleiar er Petter Dille. Han er prest og jobbar som kommunikasjonsrådgivar i Den norske kyrke. Han starta NamdalsPride i 2019 og har delt mykje om å vere skeiv og prest i intervju, podkastar, sosiale medium og foredrag.
Foto: Nina Wester/Henrik Hoff Vaagen, Magnus Myhr/Siren Sæter, Knut Anders Sørum/Teater Innlandet, Terje Strømdahl/Øyvind Eide.
