Laurdag 25. juni 2022 skyt ein mann mot folk på utestadene London Pub og Per på hjørnet, midt i Oslo sentrum. Det er natta før den store paraden som avsluttar Oslo pride. To menneske blir drepne, minst 21 blir skada før mannen blir lagt i bakken av folk på staden. To år seinare blir gjerningsmannen dømt for grov terror og lovas strengaste straff. No har det snart gått tre år. For mange har livet gått vidare.
Men nokon sit igjen og lurar på kvifor vi ikkje snakkar meir om hatet. Det som får nokon til å bruke «homo» som skjellsord, brenne pride-flagg eller slå ned menn som held hender. Hatet som får nokon til å skyte mot menneske på ein utestad ei sommarnatt. Hatet mot skeive.
Det vi ikkje snakkar om
- Eg har kjensla av at det ligg noko her som vi ikkje snakkar om, seier dramatikar og regissør Nina Wester.
Ho har fått oppdraget om å lage teater om pride-terroren. Framsyninga skal ha premiere på Det Norske Teatret i 2027, og sjølv om det er lenge til, er ho godt i gang med arbeidet. Målet hennar er å bruke teaterrommet til å prøve å forstå kva som skjedde og konsekvensane av det, både for enkeltpersonar og for samfunnet.
- Trur vi at kampen for skeives rettar er ferdig kjempa?

Nina Wester skal lage teater om pride-terroren. Foto: Kristin Aafløy Opdan
- Kvifor tok PST helg trass varsel om eit mogleg angrep mot pride? Kvifor var det vanskeleg for justisministeren å kalle det ei terrorhandling? Var det ein mistanke om at skeive brukte terroråtaket til inntekt for eigen fridomskamp?
Wester sit med mange spørsmål som ho tek med seg inn i arbeidet med denne framsyninga. At det var ein islamist som gjennomførte terroren, kan også ha dempa debatten, tenkjer ho. Frykta for islamofobi. Eller at folk tenkte ‘det var jo berre ein galen muslim’ og pusta letta ut.
- Negative haldningar til skeive spirer og gror, ikkje berre i høgreekstreme eller strengt religiøse miljø, men også der. Og den diskusjonen må vi tore å ta. Når vi grev i det jordsmonnet, finn vi kanskje ei haldning om at marginaliserte grupper ikkje er like viktig? Trur vi at kampen for skeives rettar er ferdig kjempa? Eg er på jakt etter det som ligg skjult her. Eg har ikkje svara enda, men eg har nokre mistankar.
Kjensla av at det brått blei stille i etterkant av terroren, var det leiaren i Oslo pride, Dan Bjørke som kjente på. Kvifor snakkar vi ikkje om dette lenger, spurde han seg sjølv. Det var han som først tok kontakt med Det Norske Teatret med ideen om å lage ei teaterframsyning. Teateret ligg rett i nærleiken av der terroråtaket skjedde.
Teatersjef ved Det Norske Teatret, Kjersti Horn, tok så kontakt med Nina Wester. Den første tanken til Wester var at dette høyrdest vanskeleg ut. Og det likte ho.
Westers metode
Å ta utgangspunkt i verkelege hendingar og lage teater av det, er noko Wester har gjort fleire gongar. Fleire prosjekt har involvert pårørande, etterlatne eller utsette grupper.

Å leve videre vann Heddaprisen for Årets ungdomsframsyning i 2024. Foto Skjalg Vold
Monologframsyninga Å leve videre, som ho gjorde i samarbeid med Rimfrost produksjoner, handla om ei jente som var på Utøya 22. juli og som overlevde terroren, men mista bror sin. Ho var basert på samtalar med ein nord-norsk familie som mista ein av sine på Utøya. Framsyninga var retta mot ungdom som frå før av ikkje hadde kunnskap om terrorhendinga.
Framsyninga Utvik Senior, også ho i samarbeid med Rimfrost, handla om den norske fiskebåten som forliste med ni mann i 1978, og det vesle samfunnet på Senja som blei hardt råka av det. Framsyninga var mellom anna basert på intervju med pårørande.

Utvik senior vann prisen Årets Hedda i 2022. Foto: Rimfrost produksjoner
Mistanken, som ho i fjor haust gjorde på Turnéteatret i Trøndelag, omhandla dei ukjente kvinnene som varsla om drapa på eldre på ein sjukeheim i Orkdal i den såkalla Nesset-saka. Mørke tema er noko Wester dragast mot.
No skal ho inn i eit nytt vanskeleg tema det er knytt sterke kjensler til. Ho skal snakke med menneske som har kjent hatet på kroppen, som framleis kjenner frykta i kroppen, med menneske som har mista nokon dei er glad i.
- At folk deler sitt inste med meg, er veldig ærefullt. Eg kjenner på eit ansvar for å forvalte det på ein god måte og fortelje det rett.
- At folk deler sitt inste med meg, er veldig ærefullt.
At det var teateret som blei hennar form, er ikkje tilfeldig. Ho skulle eigentleg bli journalist, men i teateret fann Wester nokre særskilde moglegheiter der ho kunne undersøke alle slags tema, også dei vonde og vanskelege.
- Teateret og kunsten har moglegheita til å gå inn i dei mørke romma, der alt er grått og vanskeleg å sjå. Der det er smerte. Der ingen andre går inn. Dit går vi. Kan eg forstå korleis det er å miste eit barn? Eller korleis det er å bli hata for kven du elskar? Kanskje ikkje, men eg kan prøve å leve meg inn i det. Å prøve å forstå, er ei handling.
Innsirklinga
I dette prosjektet skal Wester både skrive manus og ha regi. No er ho i den tidlege fasen, der ho sirklar inn emnet ho skal undersøke. I researcharbeidet les ho seg opp på rettsdokument, artiklar og bøker for å forsøke å få oversikt. Så byrjar ho å snakke med forskarar og ulike organisasjonar. Gjennom dette arbeidet forstår ho meir av kva ho treng. Sånn arbeider ho seg innover dei ulike laga, mot det som ligg inst inne. Ho byrjar å snakke med folk som var der og opplevde terroren. Den inste sirkelen er dei som blei direkte råka sjølv eller kanskje familiane som mista nokon.
- Eg trur vi alle lengtar etter at nokon skal høyre på oss.

Folk la ned blomster og regnbogeflagg etter terroråtaket i Oslo. Foto: Martin Solhaug Standal / NTB
Jobben hennar er å la folk fortelje si historie. Ho hjelper til med å gi dei eit språk. Historiene diktar ho om, blandar saman, tek det ut av det private og inn i fiksjonen. Ganske raskt i denne prosessen dannar Wester seg eit bilde av kor denne framsyninga må starte, kva ho må innom og kor ho skal.
- Eg veit ikkje nødvendigvis innhaldet, men eg anar forma dette materialet må få og kva for kjensler eg vil fram til. Da eg laga 22. juli-monologen, visste eg at denne hovudkarakteren måtte rope ut alt sitt sinne, alt det forbodne, alt som ikkje var sagt. Heilt rått og ufiltrert. Eg visste at det var der eg måtte ende opp, og eg jobba meg fram mot det.
I dette prosjektet om 25. juni-terroren tenkjer ho litt på same måte.
- Eg vil inn i dei smertepunkta, det vi ikkje har klart å snakke om, eller det vi ikkje klarar eller vil sjå. Det som er så vondt at vi ikkje heilt klarar å ta i det. Allereie no ser eg at det er dit vi skal.
Bodbringaren
Å lage teater av folks historie er eit stort ansvar. Wester er avhengig av å skape tillit med dei ho snakkar med og ho brukar tid på å bygge relasjonar og let dei som deltek med sine historier lese gjennom manus undervegs.
- Folk seier ‘dine prosjekt’, men eg føler ikkje at dei er mine. Eg føler at det er deira prosjekt, som eg er eit slags medium for, det går igjennom meg, og så gir eg det ei form. Eg er berre bodbringaren. Nokon er skeptiske eller undrande til at eg skal lage teater om verkelege hendingar. Men eg har aldri møtt nokon som har vore imot det eller som ikkje vil snakke.
- Drivkrafta i min kunstnarskap er trua på at kunsten kan forandre verda til det betre.
Ei av dei sterkaste opplevingane Wester har hatt, var i samband med at Utvik senior blei spelt på samfunnshuset på Skaland på Senja, midt i landskapet framsyninga utspeler seg, der ulykka framleis pregar det vesle samfunnet nesten 50 år seinare. I forkant av prosjektet var det nokre skeptiske røyster som var urolege for at Wester skulle lage ‘underhaldning’ av ulykka. Men etter denne visinga på Skaland, var det ein mann i publikum som tok ordet. Han var prest på Senja den gongen, i 1978, og han sa at han opplevde at framsyninga endra måten dei sørgde på: «No har andre sett våre traume. No kan vi endeleg slutte fred.»
- Det var veldig sterkt, og eg sa til meg sjølv: Dette skal du hugse på, Nina. Det er derfor du held på med teater. Eg har opplevd det fleire gongar, at teateret kan ha ein forsonande effekt. Teateret gir eit rom der kontrakten er ‘no undersøker vi dette saman’. I det rommet er det ingen grenser. Der kan vi forstørre kjenslene, tydeleggjere dei, dikte, leike med perspektivet.
Nina Wester opplever at når ein tek noko frå verkelegheita og puttar det inn på scenen, så forstår ein meir og ser det tydelegare. Målet hennar er at vi skal lære noko. At vi skal bli klokare.
- Drivkrafta i min kunstnarskap er trua på at kunsten kan forandre verda til det betre.
Har du ei historie du vil dele med Nina Wester? Ta kontakt på:
ninawester@hotmail.com