Kva rolle kan kunsten spele i den palestinske frigjeringskampen? Velkommen til ein samtale med Toufoul Abou-Hodeib og Mia Habib før framsyninga Gjenferdet inn.
Det er ein lang palestinsk tradisjon for å bruke kunst og kultur som motstand: måleri, musikk, dikt, litteratur, teater og kulturarv.
Kunstnarar og forfattarar har spelt ei viktig rolle for palestinarane si forståing av seg sjølv. Dette har gjennom mange tiår gitt uttrykk for ein palestinsk identitet som utfordrar geografisk fragmentering, undertrykking under okkupasjon og eksil.
Resultatet er eit rikt symbolsk og visuelt språk, der kjende diktstrofer blir gjentatt av både unge og gamle, og trykk av ikoniske måleri prydar palestinske heimar både i diasporaen og i flyktningleirar.
I samtalen møter du Toufoul Abou-Hodeib, professor i historie ved Universitetet i Oslo, og Mia Habib, ein av initiativtakarane til og styreleiar for Jødiske stemmer for rettferdig fred. Ho er også koreograf og dansar, og påtroppande teatersjef ved Carte Blanche, Noregs nasjonale kompani for samtidsdans.
Denne samtalen ser nærare på forholdet mellom kunst og politikk, og korleis kunst og kultur kan vera ei form for motstand og utfordra makt. Arrangementet er eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og «Makt – Humaniorafestivalen 2026», og vil vera ein del av teateret sitt Palestinaprogram i samband med framsyninga Gjenferdet inn.
Introduksjonen går føre seg på Scene 3 på Det Norske Teatret. Arrangementet er gratis og ope for alle, men du må hente ut gratisbillett. Det kan du gjere HER. I etterkant av samtalen viser vi framsyninga Gjenferdet inn. Billett til den kan du kjøpe HER.
Makt – Humaniorafestivalen 2026
Frå 11. til 26. mars inviterer Universitetet i Oslo til festival om makt. Få med deg samtalar, føredrag, filmframsyningar og mykje meir, i samarbeid med leiande institusjonar i hovudstaden, mellom anna Det Norske Teatret. Denne introduksjonen er del av dette samarbeidet.
