Ein samtale om skeiv scenekunst Ein samtale om skeiv scenekunst
Pride x DNT
Hent gratisbillettKva ansvar har teaterinstitusjonane for å fremme skeiv scenekunst? Og kva er eigentleg skeiv scenekunst?
Skeive Scener i samarbeid med Det Norske Teatret inviterer til ein samtale med teatersjef Kjersti Horn (Det Norske Teatret) og påtroppande teatersjef Marit Moum Aune (Nationaltheatret) for å snakke om skeiv scenekunst og posisjonen til den skeive scenekunsten i institusjonsteateret. Samtalen blir leda av fagleiar for Skeive Scener Audun Krüger.
Kva er institusjonanes rolle i arbeidet med å fremme skeiv scenekunst? Kor viktig er skeiv representasjon i statleg støtta scenehus? Kordan ser fremtida til skeive scener ut i ei tid med mykje negativ polarisering?
Ein skeiv heilaftan
Samtalen ligg mellom framsyningane TRUE SCANDI GIRL og Forandre seg: metode. Denne torsdagen kan du få ein skeiv heilaftan på Det Norske Teatret. Det er gratis å delta i samtalen. Billettar til framsyningane kan du kjøpe på nettsida til teateret.
Sjå framsyningar, engasjer dykk i samtalar om skeiv scenekunst og bli med å feire Pride saman med oss!
