Under Skeive scener og Oslo Pride viser Det Norske Teatret monologframsyninga TRUE SCANDI GIRL av og med Iben Alida.

H.K.H. Kronprinsessa av Trollheim, Iben Alida, finn seg sjølv i sentrum for nok ein skandinavisk rojal skandale. Kva skjer når ein 1019 år gammal tenåringtronarving ikkje lever opp til sitt rojale ansvar og plutseleg riv seg laus frå forventningane til monarkiet?

“i bronze my cheeks, bleach my hair, lift my lashes and hide my tears, i act as if, go on my knees and pray; that in the end I'll die as your true scandi girl<3”

TRUE SCANDI GIRL handlar om frigjering, lyster, indre maktkamp. Om å skape sin eigen verkelegheit og ønsket om å vere anonym. Å vere ei heilt normal jente, ei ekte skandinavisk jente.

Kjøp billett

Vel speledato for TRUE SCANDI GIRL

Finn ut meir