Opplev eit utvida univers av framsyninga Sukker!

Tre bidragsyterar er valde ut til å dikte vidare på karakterar, situasjonar, tematikk eller handling frå framsyninga Sukker av Linda Gathu. Dei utvalde tekstane er deretter arbeidd med av skodespelarar og regissør til ei stunt-aktig vising på 10 minutt x 3.

Gathu er initiativtakar til prosjektet Rask skriftleg respons (Rapid response), som ho kjenner frå Storbritannia, der fleire teater inviterer til slike initiativ for å fremje nyskriven dramatikk. Visinga vil ta form av eit stunt, og det er første gongen dette initiativet blir testa ut for eit norsk publikum.

Visinga vil gå føre seg etter framsyninga Sukker den. 10. juni, men du treng ikkje å ha vore på denne for å komme og sjå på Rask skriftleg respons.