Notis

Rask skriftleg respons

BLI MED PÅ RASK SKRIFTLEG RESPONS!

Rask skriftleg respons (RSR) er eit initiativ til skrivande talent. Du blir invitert til å respondere på ny norsk dramatikk som for tida spelar på Scene 2.

SUKKER av og med Linda Gathu er ei forteljing om skjult norsk historie og om å vere mangfaldsalibi for ein kulturelite med berøringsangst. Ein sviande satire som treffer eit breitt publikum.

Responsen din kan vere å skrive vidare på tematikken, på ein eller fleire av rollefigurane, eller på ein situasjon som skjer før eller etter det du har sett på scenen.

Kva er RSR?
Du får sjansen til å møte og engasjere deg i eit kreativt miljø ved ein av landets største scenekunstinstitusjonar. Tre veker er sett av til prosjektet.

  • Den første veka skal dei engasjerte skrive ein inntil 10 minutt lang respons.
  • Tre av dei innsende tekstane blir så valt ut.
  • Den tredje veka er det sett av eit par prøvedagar, og desse blir så framført i ei uhøgtidleg stunt-vising på Scene 2 på Det Norske Teatret. Rollene blir spelte av ensemblet i SUKKER rett etter ei ordinær framsyning.

Kva må du gjere for å delta?

Vi har lagt av billettar til sterkt redusert pris (50,-) til framsyninga 12. mai, ein billett pr deltakar. I forkant av denne dramatikarkvelden vil du møte dramatikar og regissør Linda Gathuog dramaturg Siri Løkholm Ramberg til ein samtale om Rask skriftleg respons. Her er det førstemann til mølla-prinsippet som gjeld. Seinast dagen etter du har sendt inn skjemaetunder her får du ei betalingslenke for billetten. Du blir deretter invitert til å skrive eit 10-minutt langt svar på produksjonen og sende det inn på e-post til siri.ramberg@detnorsketeatret.no innan 19. mai. Viss du ikkje kan komme til dramatikarkvelden vår 12. mai, står tilbodet om å sende inn tekst ved lag, men du må sjølv bestille billett til framsyninga til ordinær pris.

10. juni blir det vising av respons-tekstane rett i etterkant av framsyninga av SUKKER. Det er halde av plassar i salen under framsyninga, ein billett per deltakar. Alle deltakarar er sjølvsagt velkomne til denne, men kan også velje å stille direkte på visinga som er open for dei som vil sjå.

Linda Gathu er initiativtakar til dette prosjektet, som ho kjenner frå Storbritannia, der fleire teater inviterer til slike initiativ for å fremje nyskriven dramatikk. Visinga vil ta form av eit stunt og sjølv om dette er ei ubetalt moglegheit, er det fleire fordelar med å delta i Rask skriftleg respons: – Dette er ein flott sjanse til å presentere deg sjølv som forfattar for teateret og få tekstane dine presentert for eit breiare publikum. Prosessen inneber at du vil møte nye kreative samarbeidspartnarar i scenekunstfeltet, seier teatersjef Kjersti Horn om dette initiativet som blir testa ut for første gong på Det Norske Teatret.