Ei forteljing om eit enkelt, men samstundes storslått liv

Endre veks opp som odelsgut i ei vestlandsbygd på 1800-talet. Han treffer Abelone, giftar seg med henne og tek over garden. Framfor Endre ligg ei framtid lik den far hans og fedrane før han har hatt.

Men så blir han sjuk og sengeliggjande, og garden lyt seljast. Kven er Endre utan retten og plikta han er fødd til? Kva skal han no leve for? Det er då bøkene kjem, frå andre sida av havet, og tek Endre med ut i verda.

Sigd er ei forteljing om eit enkelt, men samstundes storslått liv. Om dei universa bøkene kan opne, og korleis ein mann som er bunden til senga kan ta del i oppdagingar i land langt borte. Det er ei forteljing om ei tid som ikkje finst meir, men som likevel er til å kjenne att. Og det er kjærleikshistoria om Endre og Abelone. Eit par som til slutt må lage seg sitt heilt eige språk for å kunne snakke saman.

Forfattar Ruth Lillegraven debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har sidan gitt ut i alt ti bøker for barn og vaksne, blant anna diktsamlingane Urd (Brageprisen 2013) og Sigd (Nynorsk litteraturpris 2016). I mars 2018 debuterte Lillegraven som dramatikar med teaterstykket Cally på Det Norske Teatret.

Sitat frå tildelinga av nynorsk litteraturpris 2016:

«Nynorsk litteraturpris 2016 går til ei uvanleg vakker diktsamling som fører saman fortid og notid, kultur og natur, og som skildrar korleis eit menneskes blod, slit og tårer blir meisla inn i omgjevnadene rundt, og blir verande der til evig tid. Diktsamlinga utmerker seg med si særeigne rytme og sterke bilete.»