Ein mjuk revolusjon som treffer midt i hjartet.

I eit samfunn der strenge kroppsideal rår, er My Body My Home ein invitasjon til å sjå skjønheita i kvart einskild menneske. Her blir styrkane i dansaranes kroppar, aldrer og evner framheva, og på scenen er det plass og rom for alle.

- Alle kan danse, du må berre utforske kva dans kan vere.

- Elen Øyen - utøvar frå Danselaboratoriet.

Dette unike verket er skapt i tett samarbeid mellom den Bergen-baserte koreografen Daniel Mariblanca og kompaniet hans 71BODIES - eit inkluderande dansekunstkompani som jobbar med og i marginaliserte grupper - og dei to trondheimsbaserte kompania Danselaboratoriet (som består av dansarar med og utan ulike funksjonsvariasjonar) og Danseteateret (seniordansarar) - begge drifta av DansiT - Koreografisk senter.

My Body My Home inviterer publikum til å bli allierte, til å oppleve djupe uttrykksmåtar for sårbarheit, mot, kjærleik, vennskap, følelsar og skjønnheit. Dette er vår revolusjon! Ein mjuk revolusjon som treffer midt i hjartet.

– Daniel Mariblanca

Synstolking

Framsyninga My Body My Home er synstolka for publikum som er blinde eller har nedsatt syn.

Les meir

71BODIES er eit transaktivistisk og inkluderande dansekunstkompani med base i Bergen. Kompaniet blei grunnlagt av Daniel Mariblanca i 2016. Eit hovudmål for kompaniet er å jobbe med og for marginaliserte menneske og spesielt grupper der kroppen er i fokus.

Danselaboratoriet og Danseteateret er to kompani som har eksistert i meir enn 20 år, og består av menneske med ulik bakgrunn, alder og funksjonsvariasjon. Kompania utforskar dans gjennom improvisasjon, koreografi, kritisk refleksjon og diskusjon. Dans blir sett på som eit rom for møte, utforsking, meiningsskaping og uttrykk. Bevisstheit om og aktiv bruk av mangfaldet i gruppene står i fokus. Begge kompania blir drifta av DansiT - Koreografisk senter.

Språk Svensk, engelsk og teiknspråk

Koreograf Daniel Mariblanca Medskapande dansarar Danselaboratoriet Alex Haugen, Andrea Winsnes, Anna Thu Schmidt, Anne Marit Ligaard, Borghild Bromstad, Didrik Austmo Pedersen, Elen Øyen, Gunhild Løhre, Kjersti Marie Kvam, Kristine Iris Gjøvikli-Drysdale, Lise Emilsen Klevstuen, Liv- Karin Alm, Urszula Borowiec, Vibeke Meland Medskapande dansarar Danseteateret Aleksandra Teresa Szefler, Barbro Lindeberg, Cathrine Churchill, Inger Johanne Tangen, Inger Nestvold, Margit Ryum, Randi Iversen, Shereen Khachik, Susanne Braad Andersen Medskapande dansarar 71 Bodies Amir Hashani, Bentine Borge, Elizabeth Vatle Helgesen Chigwida, Helle-Viv Magnerud, Iva Šrot, John Erland Åstrøm, Jules Rodriguez Grau, Shelmith Øseth, Trine Lise Moe Originalmusikk Per Platou Annan musikk i framsyninga "Killing in the Name" - Rage Against the Machine, “Music for a While”, Z. 583 – Henry Purcell (Performed by The King’s Singers & Jakub Józef Orliński), “Rave” – Sam Paganini, «Dal cielo cader vid’io due stelle» – Luigi Rossi (Performed by L’Arpeggiata / Christina Pluhar & Jakub Józef Orliński) Levande musikk “Vem kan segla förutan vind?” - Svensk folketone (fremført av Danseteateret), “Romance Anónymio” + “Words” - F.R. David + “Sorry Seems To Be The Hardest Word” - Elton John (fremført av Liv-Karin Alm) Lysdesign 71BODIES i samarbeid med Thomas Bruvik Turneteknikar Thomas Bruvik Produsert av DansiT - Koreografisk senter og 71BODIES Støtta av Norsk kulturråd og Bergen kommune Samprodusentar turné Festspillene i Bergen, Carte Blanche, BIT Teatergarasjen og Dansens Hus

Kombinere teaterbesøket med ein middag eller eit glas etter framsyninga?