Synstolking

På utvalde datoar er Cabaret er synstolka for publikum som er blinde eller har nedsett syn.

Synstolking er eit hjelpemiddel for blinde og svaksynte. Det er ei munnleg beskriving av den visuelle informasjonen ein elles får gjennom synssansane. Synstolken si oppgåve er å beskrive dei visuelle uttrykka slik at publikum med heilt eller delvis nedsett synsfunksjon sjølve kan tolke ei meir fasettert kunstoppleving.

Publikum som ønskjer å nytte seg av dette tilbodet, må laste ned appen Listento Player på smarttelefonen sin.

Listento Player på iPhone

Listento Player på Android


• Ta med smarttelefonen og øyretelefonar til framsyninga. Vi tilrår å nytte øyretelefonar med kabel. Ettersom du skal høyre synstolkinga i øyretelefonane, men lyden frå framsyninga i salen, bør du nytte opne øyretelefonar eller øyretelefonar med "hear through"-funksjon (ikkje støtdempande øyretelefonar).
• Vi sender deg lenke til synstolkinga på e-post 2 dagar før framsyninga du skal sjå.
• Skal du ha med deg nokon andre som treng synstolking, er det viktig at du sender e-posten vidare til dei.
• Opne lenka i appen Listento Player før framsyninga startar.
• Synstolkinga vil starte ca. 15 min før framsyninga tek til, med førehandsskildringar av sal, scene, kulisser og karakterar.

SPRÅK Norsk

NB: Publikum som er lyssensitive, bør ha med seg eigne solbriller eller liknande for å skjerme seg mot dei skarpaste lysskifta.

Datoar for synstolking av Cabaret

• Onsdag 18. november kl. 19:00
• Torsdag 19. november kl. 19:30
• Fredag 20. november kl. 19:00
• Laurdag 21. november kl. 17:00
• Torsdag 3. desember kl. 19:00
• Fredag 4. desember kl. 19:00
• Søndag 6. desember kl. 16:00
• Tysdag 8. desember kl. 19:00

Peptolk

Prosjektet Peptolk er i ferd med å utvikle løysingar for preprodusert synstolking av levande framsyningar som teater. Det vil seie at synstolkinga ikkje blir utført på direkten, sjølv om framsyninga er live. Dette gjer det enklare å tilby synstolking på fleire framsyningar. Publikum skal kunne oppleve synstolking av teater slik dei opplever synstolking av kinofilm, gjennom ein applikasjon på sin eigen mobiltelefon.
prosjektet er framleis i utprøvingsfasen, så vi ber om forståing for at ikkje alt fungerer perfekt.