Kvalfangsten er eit drama mellom dyr og menneske som har utspelt seg på ulikt vis gjennom historia. Velkommen til introduksjon før framsyninga med forfattar Espen Ytreberg.

I Bibelen er mennesket Jona hjelpelaust underlegent, og må blir redda frå kvalfiskens buk av Gud. I seilskutetida, som romanen Moby Dick skildrar, hadde seilskuter og harpunar gjort menneska mektigare. Men framleis framsto kvalen som ein fare, og i forteljinga av Herman Melville kjempar kval og menneske om overmakta.

I den industrielle tida, da Noreg blei ei stormakt innan kvalfangsten, var kvalen blitt til fabrikkindustri. Den var hjelpelaus mot dei moderne maskinene, og blei brakt til randa av utrydding.

Den overlegne makta menneske har over kvalane, har gitt oss dilemma vi framleis lever med i dag.

Espen Ytreberg er professor i medievitenskap ved Universitetet i Oslo. Han skriv om historie og mediar, både litterært og i akademiske samanheng. I 2023 gav han ut boka Utryddelsen – historien om den norske industrielle hvalfangsten. Ytreberg snakkar om kvalfangsten som eit drama mellom dyr og menneske som har utspelt seg på ulikt vis gjennom historia.

Inn i historia - Humaniorafestivalen 2024

Fra 7. til 21. mars 2024 inviterer Universitetet i Oslo oss inn i historia, når dei arrangerer festival over heile byen i samarbeid med leiande institusjonar i hovudstaden, mellom anna Det Norske Teatret. Denne introduksjonen er del av dette samarbeidet.

Introduksjonen går føre seg i Bikuben i foajeen på Det Norske Teatret. Den gratis og ope for alle, men det er avgrensa med sitteplassar, så det kan vere lurt å vere tidleg ute. Under kan du kjøpe billett til framsyninga som speler same kveld.

Hovudfoto: Anders Beer Wilse/Norsk Folkemuseum