Innflyttingsfest
for Feil Teater!
Innflyttingsfest
for Feil Teater!
Velkommen til gratis teater og gatefest!
Feil Teater og Det Norske Teatret inviterer til innflyttingsfest for å feire at Feil Teater flyttar inn på Scene 3 i sesongen 2026/2027!
LAURDAG 15. AUGUST
KL. 16.00: Gatefest!
KL. 17.00: Gratis teater: Agentene og det sjukt farlege oppdraget
BILLETTAR: Ingen billettar, og arrangementet er gratis
Arrangementet finn stad utanfor hovudinngangen til Det Norske Teatret og er gratis for alle. Aktivitetane passar særleg godt for barn frå 4 år og oppover.
Frå kl. 16.00 blir det servert gratis vaflar, det blir ansiktsmåling, og du kan lage din heilt eigen Feil Teater-merch. Ta med ei gammal T-skjorte eller eit handlenett i ein lys farge, så lagar vi eit stilig Feil Teater-trykk saman.
Kl. 17.00 opnar vi teaterhausten 2026 med framsyninga Agentene og det sjukt farlege oppdraget.
Velkommen til fest!