Bakgrunnsartikkel

Takk til læraren!

Skolestart! Tusenvis av forventingsfulle barn er no på veg til den første skoledagen etter ferien. Ved kateteret står ein som kan få større betydning for nokre av elevane enn dei er klare over.

Skrive av
Ida Michaelsen og Erlend Tårnesvik Dreiaas
Informasjonsjef og formidlingsdramaturg

I dag ryddar vi litt plass til å rope hurra for alle dei spesielle lærarene der ute! Fleire av skodespelarane ved Det Norske Teatret hadde ein slik lærar; ein som såg noko spesielt i dei og som var avgjerande for yrkesvalet. Manish Sharma, Frank Kjosås og Kjersti Dalseide er tre av dei.

Norsklæraren til Frank Kjosås

Frank Kjosås har fleire har gonger snakka varmt om norsklæraren sin, Randi Hjemlestad, og seier beint fram at ho er grunnen til at han har vald skodespelaryrket:
- Eg skuldar henne heile karrieren min. Ho såg veldig tidleg at det ikkje var nokon vits i å gi meg prøver, og fann derfor alternativ for å teste ut kunnskap og nivå. Ho sa rett ut i den siste elevsamtalen vi hadde:

- Du må ikkje tenkje på å studere ved universitetet. Bli skodespelar!

Da hadde eg og ein kompis laga store delar av russerevyen. Ein av monologane hadde eg til og med skrive saman med henne – vi sat og smugrøykte og skreiv ved kjøkkenbordet hennar – og fekk gode tilbakemeldingar. At det fanst skolar for å utdanne seg i teaterfaget, ante eg ikkje. Men det visste norsklæraren min. Ho gav meg til og med ein pamflett med oversyn over skolar som hadde teater på timeplanen.

Det blei eit år ved Romerike Folkehøgskole, sidan Teaterhøgskolen og rett vidare til Det Norske Teatret.

Frank Kjosås i 2019, da han debuterte som regissør ved Det Norske Teatret. Foto: Siren Høyland Sæter.

Frank som Peter Pan i 2007. Foto: Fin Serck Hanssen.
Frank som Peter Pan i 2007. Foto: Fin Serck Hanssen.
Som Judas i Jesus Christ Superstar, 2009. Foto: Fredrik Arff.
Som Judas i Jesus Christ Superstar, 2009. Foto: Fredrik Arff.
Som Kevin Price i The Book of Mormon i 2017. Foto: Fredrik Arff.
Som Kevin Price i The Book of Mormon i 2017. Foto: Fredrik Arff.
Som Ivar Aasen i Spynorsk. The Musical, 2024. Foto: Ole Herman Andersen.
Som Ivar Aasen i Spynorsk. The Musical, 2024. Foto: Ole Herman Andersen.

For tida står han på Hovudscenen som sjølvaste Ivar Aasen i Spynorsk. The Musical. Kan ein gjere norsklæraren sin meir stolt?

Manish Sharma. Foto: Siren Høyland Sæter.

Norsklæraren til Manish

Også skodespelar Manish Sharma har framsnakka læraren sin, Gro Hafsaas, som introduserte han for teater i tredje-fjerde klasse på barneskolen i Haugesund:
- Gro opna nokre dører for meg, og vekte ei interesse i meg. Ho såg personen, og det er det eldsjeler gjer. Ho er ei sånn eldsjel som berre ser det beste i deg. Ho fann noko i meg, og let det vekse.

Manish fortel at ho sette til side andre fag for at klassen skulle halde på med teater. Kardemomme by, Askepott og Hakkebakkeskogen fekk Gro inn i læreplanen. Det igjen tente ein gnist i Manish, som da fann ut at det var skodespelar han ville bli.

Sidan den gongen har Manish vore å sjå i filmen Hør Her'a , i TV-serien Makta og no er han aktuell i den nye Netflix-serien Milliardærøya. På teaterscenen speler han suksessframsyninga Tante Ulrikkes vei for femte året på Det Norske Teatret.

- Eg trur ikkje eg hadde gått den vegen eg har gjort, om det ikkje hadde vore for Gro.

Debuten som Mo i Tante Ulrikkes vei (2019), som framleis står på repertoaret. Foto: Erika Hebbert.
Debuten som Mo i Tante Ulrikkes vei (2019), som framleis står på repertoaret. Foto: Erika Hebbert.
Som Ben i Min venn romvesenet, 2021. Foto: Siren Høyland Sæter.
Som Ben i Min venn romvesenet, 2021. Foto: Siren Høyland Sæter.
I teaterversjonen av Hør her'a! i 2024. Året før var han også med i filmversjonen på kino. Foto: Ole Herman Andersen.
I teaterversjonen av Hør her'a! i 2024. Året før var han også med i filmversjonen på kino. Foto: Ole Herman Andersen.
Manish Sharma som AP-politikaren Ivar Leveraas i NRK-serien Makta. Foto: Erika Hebbert/NRK.
Manish Sharma som AP-politikaren Ivar Leveraas i NRK-serien Makta. Foto: Erika Hebbert/NRK.

Om tjue år vil du angre mer på det du ikke gjorde, enn det du gjorde.
Så kast fortøyningen!
Seil vekk fra den trygge favnen.
Fang vinden i dine seil.
Utforsk! Drøm! Oppdag!

Dette bildet fekk Manish av læraren Gro da han slutta på skolen. På baksida stod dette sitatet av Mark Twain.

Klasseforstandaren til Kjersti

For Kjersti Dalseide var klasseforstandaren på barneskolen i Nedre Ål, Randi Bekkestad, ein døropnar til store kunst- og kulturopplevingar.

Kjersti Dalseide fotografert i samband med at ho debuterte som skodespelar i rolla som Tonje Glimmerdal på Hovudscenen i 2013. Foto: Siren Høyland Sæter.

- Læraren min på barneskolen min tok oss med på kunstutstillingar kvar gong det var nye utstillingar på Kulturhuset. Vi song kvar dag, ho las dikt for oss – og dette gjorde ho frå første klasse og gjennom dei seks åra ho hadde oss. Eg hugsar godt Rolf Jacobsen. Ho hadde ei lefse av ei utgåve av dei samla dikta hans, for ho var så utlesen. Ho las for oss kvar dag, og tok oss med til Nasjonalmuseet i Oslo.

I det heile, ho vekte ein interesse hos oss. Eg har tenkt mykje på henne i ettertid, at ho viste meg og klassen min veldig mykje kunst og kultur, som nok opna opp blikket mitt for det, seier Kjersti Dalseide om ein lærar som har betydd mykje for henne.

Kjersti Dalseide i barneskoleåra.

Som Julie i Romeo og Julie, 2016. Foto: Gisle Bjørneby.
Som Julie i Romeo og Julie, 2016. Foto: Gisle Bjørneby.
I november 2024 kjem kinofilmen Tre menn til Vilma, der Kjersti Dalseide har tittelrolla.
I november 2024 kjem kinofilmen Tre menn til Vilma, der Kjersti Dalseide har tittelrolla.
Som Alma i Persona i 2020. Foto: Dag Jenssen.
Som Alma i Persona i 2020. Foto: Dag Jenssen.
Som Varja i Kirsebærhagen, 2020. Foto: Erika Hebbert.
Som Varja i Kirsebærhagen, 2020. Foto: Erika Hebbert.

Artikkelen er publisert 16. august 2024.

Høyr Frank Kjosås i podkasten Språkoppdraget!

Høyr Manish Sharma i podkasten Språkoppdraget!