Bakgrunnsartikkel

Sluttspurten

Å lage musikal er ikkje for sarte sjeler. Det veit Ingrid Bjørnov alt om. Snart må ho nok ut og kjøpe noko dyrt.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsdramaturg

Ingrid Bjørnov var ein av dei som hadde tusja SP og M på den gule, nynorske ordlista si på skolen. Sjølv med to lærarforeldre, var det heilt naturleg for eit drabantbybarn frå Oslo å ha eit anstrengt forhold til sidemål. Men så oppdaga ho Olav Stedje, og eit tidshopp seinare kom Are Kalvø med ideen til ein ny musikal. No er det berre nokre få dagar til urpremieren på Spynorsk. The Musical. Velkommen til sluttspurten.

På Hovudscenen på Det Norske Teatret er det full kok. Folk kjempar om tida og mot klokka som stadig tikkar ned mot premiere. Regi, koreografi, kostyme, lyd, lys. Alle avdelingar skal fullføre og finpusse sitt verk. Døgnet har ikkje nok timar, og snart kjem publikum inn i salen.

På dette tidspunktet står komponisten Ingrid Bjørnov og knurrar i eit hjørne.

Det er berre å brette opp erma. Spynorsk. The Musical blir den sjuande musikalen Ingrid Bjørnov er med på å lage. Foto: Monica Tormassy

Sånn ser ho det sjølv, i det minste. Det er nokre tøffe dagar ho er inne i no. Heldigvis har ho har rutinen å lene seg på. Dette blir sjuande gongen ho lagar musikal. I ulike samarbeidskonstellasjonar har ho komponert musikk til hekser, prinsesser, syngande detektivar og kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget. No er det den kontrafaktiske forteljinga om nynorskens far, Ivar Aasen, ho har tonesett.

Kva er lyden av kløyvd infinitiv? Korleis skrive ein kjærleiksballade om tjukk L? Kva har gladpønk og Hovdebygda til felles? Vel, det er det Ingrid Bjørnov har brukt det siste halvtanna året på å finne ut av.

All erfaring tilseier at eg i løpet av den neste veka blir tre år eldre.

På dagtid er det prøver. På kvelden og ut i dei små timar er det intense diskusjonar og eviglange epost-trådar. Ein song blir stroken, før den like plutseleg er inne igjen.

- No er vi inne i den fasen der nokon begynner å gå med lue. Andre begynner å drikke brennevin. Nokon går til kiropraktor. Og snart kjem vi til det punktet der noko dyrt går i stykke. All erfaring tilseier at eg i løpet av den neste veka blir tre år eldre.

Ingrid Bjørnov kjenner dynamikken godt. Ho har allereie observert fleire luer.

Kva slåst komponisten for akkurat no?

- Akkurat no slåst eg for at ein poplåt skal få vere ein poplåt.

Frå pop til opera og musikal

Ho måtte tenke seg om da teatersjef Erik Ulfsby ringde og spurde om ho ville gjere dette. Det var 9 år sidan ho saman med Are Kalvø laga Halve Kongeriket – Norsk politikk the musical. Det blei ein kjempesuksess, gode kritikkar og komiprisen for beste framsyning.

Men hadde ho overskotet til å vere i det ho er i akkurat no? Ho var usikker. Sidan sist har ho blitt 60 år, og har vore gjennom «ein helsesituasjon», som ho kallar det. Ho fekk ein kreftdiagnose i 2017. Sjølv om ho er frisk i dag, var ho usikker på kor mykje krefter ho hadde. Ho blir meir sliten enn før.

Halve Kongeriket - Norsk Politikk The Musical hadde premiere på Det Norske Teatret i 2015. Der fekk publikum møte leiaren i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité, Martin Kolberg (Niklas Gundersen) som superhelt. Her saman med den nyvalde stortingsrepresentanten Anne frå Søndre Gloppen (Charlotte Frogner).

- Ingen arbeidsplass gir meg meir adrenalin enn teateret!

- Eg var usikker på om eg toler dette køyret. Kanskje eg ikkje skal gjere dette meir, har eg tenkt. Heldigvis kom eg fram til at, jo det skal eg. Og det er eg kjempeglad for. Det er jo eit praktoppdrag, eg kjem til dekt bord! Are Kalvø skriv klokt, morosamt og musikalsk. Eg får nøkkelkort og kantine, og det er flinke folk i alle retningar! Ingen arbeidsplass gir meg meir adrenalin enn teateret!

Ingrid Bjørnov har alltid likt musikalen som sjanger. Det starta med Sound of Music og Grease, og generell begeistring for at folk begynner å synge og gjerne tulle litt samtidig, Dizzie Tunes, Victor Borge og Rolf Just Nilsen. Det var kanskje berre eit tidsspørsmål før det måtte bli musikal, men det hjelpte godt med ungdommeleg overmot.

Ho var i 20-åra og hadde allereie ein solid popkarriere å sjå tilbake på som Dollie saman med Benedicte Adrian. Dei hadde gitt ut fleire album, fått Spelemannspris, vunne i Melodi Grand Prix og lagt på eit «de Luxe» i namnet. Men så, - i kjølvatnet av albumet Rock vs. Opera, der dei mellom anna blanda Mozarts «Nattas dronning»-arie med «Satisfaction» av The Rolling Stones, - kom lysta til å skrive musikal.

– Benedicte og eg hadde begynt å herje litt med opera og klassisk musikk. Vi blei invitert til Festspillene i Bergen, og med ein sjølvtillit du berre kan ha som 23-åring, foreslo vi å skrive ein opera. Etter kvart blei det musikal. ABBA-gutane hadde akkurat laga musikalen Chess, og vi tenkte «Kan dei, så kan vel vi!»

Dollie i 1981, året etter debutplata
Dollie i 1981, året etter debutplata "Første Akt" blei utgitt. Foto: Olav Hasselknippe/VG/NTB
Benedicte Adrian og Ingrid Bjørnov i Paris 1986. Foto: Rolf M Aagaard/Aftenposten/NTB
Benedicte Adrian og Ingrid Bjørnov i Paris 1986. Foto: Rolf M Aagaard/Aftenposten/NTB
Dollie de Luxe vann Melodi Grand Prix med
Dollie de Luxe vann Melodi Grand Prix med "Lenge leve livet" i 1984. Foto: Erik Thorberg/NTB
Rockemusikalen Which Witch spelte i Holmenkollen med over 16 000 i publikum i 1993. Foto: Per Anders Rosenkvist/Samfoto
Rockemusikalen Which Witch spelte i Holmenkollen med over 16 000 i publikum i 1993. Foto: Per Anders Rosenkvist/Samfoto

Ein hatt er nok

Ingrid gjekk i ei slags lære hos tidlegare musikksjef på Det Norske Teatret, Egil Monn-Iversen. Året var 1988, og teateret skulle sette opp Les Misérables. – Det var stort at den musikalen kom til Noreg så tidleg, berre tre år etter premieren i London. På den tida prøvde vi å vidareutvikle Which Witch frå konsert til fullblods musikal.

Møtet med teateret blei ei reise inn i ei ny og ukjent verd.

- Benedicte og eg kom jo frå ei reinspikka popverd! Vi hadde ingen kjennskap til teater frå før. Eg fekk tildelt partitur, fekk vere med på prøvene og sitte nedi orkestergrava og høyre på. Eg tasla etter Egil Monn-Iversen som ein liten hund. Det var heilt fantastisk og ganske eksotisk.

Fire år seinare står Ingrid Bjørnov nede i orkestergrava på Piccadilly Theatre i Londons West End. Which Witch har premiere, og ho er dirigent for tolv musikarar i grava, og 30 aktørar på scenen. Det som ved første møte var eksotisk, hadde plutseleg blitt kvardagen. Ho lærte noko om det enorme apparatet som er rundt ein stor musikal. Ho forstod at det er på prøvene det er gøy, for da er det framleis mogleg å fikse ting. Sidan den gong har ho også lært at det er grenser for kor mange hattar ein kan ha på same tid. Spesielt når ein er i innspurten, sånn som ho er no.

- Første gongen eg laga musikal, skulle eg vere med å skrive, promotere, finansiere, og så skulle eg dirigere … og det går ikkje. Eg slutta både å ete og sove.

Sjølv om ho meiner at orkestergrava er den finaste staden i heile verda, er ho glad ho berre har ein hatt no. Det er nok å vere komponist.

Ingrid Bjørnov var gjest i podkasten Språkoppdraget. Lytt her!

Handtverkaren

Ideen og manuset til Spynorsk. The musical. kom frå Are Kalvø. Frå han kom også ei referanseliste med låtar. Han ville ha gladpønk.

- Popmusikken etter pønken, tidleg i 80-åra, det er russetida mi og ein sjanger eg er svært glad i. Så vi diskuterte grunnsjangeren, og det Are eigentleg snakkar om, er energinivået i det. Intensiteten. Samtidig har vi diskutert kor mykje gladpønk vi kan ha, før vi ikkje lenger har ein musikal. Gladpønken må ha noko å stå mot viss den skal fungere. Her har regissør Ivar Tindberg vore ein viktig pådrivar.

Det er derfor eit breitt spekter av musikalske sjangrar vi møter i dette universet. Heldigvis er skamlaus sjangerhopping Ingrid Bjørnovs store musikalglede.

Are Kalvø kom med ideen og manuset og Ingrid Bjørnov har skrive musikken til Spynorsk. Musikalen hadde premiere 13. april. Foto: Monica Tormassy.

- Eg er oppteken av stilmedvit i musikken. Til dømes er låten «Symje, sym, sumde» skriven på ein litt småfunky 70-tals Crusaders-aktig måte. Da er det viktig at ein syng på den måten som tilhøyrer den stilarten. Det vil seie at ensemblet på scenen må hoppe frå halvopera-aktig musikalsong til å kanalisere sin indre Chaka Khan. Det same gjeld spelestilen til orkesteret og heile lydbilde. Og det er viktig, for elles flyt sjangrane saman til ei suppe og alt blir heilt likt.

Ho heng på som ein klegg under prøvene for å vere oppdatert på endringar og forstå intensjonen bak. Endringar blir det mykje av i innspurten, og musikken må henge med på det som skjer.

- Det er det same med musikken som det er med heile teateret; lydavdelinga må meine noko om pickup-valet til gitaristen, og valet av skarptromme, og skodespelarane må forstå kvifor den låten må syngast på akkurat den måten. No siste prøveveka har eg invitert inn min musikkmentor gjennom 25 år, Javed Kurd, som lydkonsulent. Han kjem med friske øyrer og glasklåre innspel.

- Når du speler i eit rockeband, så er det ingen kompromiss mellom musikken din og lyden som går ut til publikum. Du gjer ingenting av omsyn til eit sceneskift. Du bruker ikkje bøylemikrofon, lausskjegg eller hattar. Og det er ingen replikkar midt inni songane.

- I teateret er det av naturlege grunner mange kompromiss. Men først og fremst skal vi jo fortelje ei historie. Det handlar om å velje sine kampar, forsøke å forstå kva andre fagfelt ønskjer seg og omsetje det til musikk.

- Når blir det berre skranglande teaterrock?

Det er her handtverkaren Ingrid kjem inn. Ho kjenner seg meir som det, enn som ein kunstnar.

- Kva for premiss må du ha med deg musikalsk for å ivareta denne sjangeren? Skal vi tru på den, eller berre bruke den som eit verktøy? Når blir det berre skranglande teaterrock?

Ingrid Bjørnov skal ivareta intensjonen og forsvare gladpønken. Ho medgir at det tidvis er ein kamp.

- Takk og lov for kapellmeister Svenn Erik Kristoffersen og for A-laget av musikarar i orkestergrava. Eg er verken utdanna komponist eller arrangør. Rett nok har eg musikkreferansar dei forstår, men eg er heilt avhengig av velviljen og profesjonaliteten deira for å komme i mål.

- Når det er sagt, så trur eg Svenn Erik kan få kva som helst til å smelte saman. Det er ganske hardcore for ein kapellmeister å ha både eit Fender Rhodes og eit ekte trøorgel med seg i orkestergrava!

Orkestergrava er den finaste staden i heile verda, meiner Ingrid Bjørnov. Kapellmeister Svenn Erik Kristoffersen trakterer både elpiano, synth og pumpeorgel samstundes som han dirigerer under Spynorsk. The Musical. Foto: Ole Herman Andersen.

Humor i musikken

Ingrid Bjørnov er ikkje så oppteken av reglar når ho lagar musikal. Men ho har opparbeidd seg ein viss rutine. - Eg veit at vi må ut med ein smell i første akt. Eg veit at vi antakeleg treng ein pause. Og eg veit at alle roller dessverre ikkje kan få sin eigen song. Akkurat det har eg brent meg på før.

- No driv jo vi med humor, og da ramlar vi innom definisjonen av gøy. Og den er vrien, for folks definisjon av gøy er ulik. Når kan vi spele skikkeleg høgt? Når toler du fire taktar til med musikk, og når må det skje noko enda meir morosamt?

Ingrid vil gjerne slå eit slag for den subtile humoren. Den du humrar av. Ho meiner at jakta på gapskratt kan vere litt overdriven. Den som lyttar, kan finne musikkhumor i Spynorsk. The Musical. Are Kalvø har skrive inn fleire sitat frå kjente låtar i manus. Men kor tydeleg skal dei gjere referansane som finst der? Det er oppe til debatt.

- Dersom vi kan deklamere den i valsetakt undervegs i ein draumescene...

- Are har til dømes skrive inn eit utdrag frå «Hjernen er alene» av deLillos. Eg vil ikkje ha coverlåtar i musikalen, fordi eg meiner det blir revy, og det er noko anna. Dette krangla vi om under Halve Kongeriket også. Men det sitatet var naudsynt, så der har eg skrudd litt om på den låten. Og dersom vi kan deklamere den i valsetakt undervegs i ein draumescene sånn at nesten alle – men ikkje alle – forstår referansen… Da er det ein liten tributt, og da synest eg det er gøy.

Dette er ein pågåande diskusjon, fortel ho. Det er framleis uvisst kven som vinn den kampen. Det er framleis tid.

Snart i mål

Ingrid Bjørnov har levd i dette universet, med desse songane, i over halvtanna år. No er dei inne i sluttspurten. Klokka tikkar ned mot premiere. Ingrid Bjørnov seier at ho no kan bli kvilelaus, søvnlaus.

Eitt av stikkorda Ingrid Bjørnov fekk frå Are Kalvø var «ballerock». Så det laga ho til Ivar Aasen/Frank Kjosås i låten «Åleine». Foto: Ole Herman Andersen.

Under prøvane tråkkar ho rundt mellom avdelingane. Ein tur innom regissør Ivar Tindberg. Opp å snakke med lydfolka. Gir nokre meldingar til musikarane i orkestergrava. Men ho har gjort dette såpass mange gonger no at ho har funne dynamikken. Når det er kamp om prøvetid, må ein berre styrte inn der det finst to sekund. Da kan ein ikkje stå med lua i handa og håpe på eigen prøve.

- Det er ikkje ferdig før det er folk i salen.

- Kreativitet og nervar er i slekt. Det er ei slags uro som gjer at du har lyst til å gjere noko. Det er ei uro som gjer at du har lyst til å halde fram med å gjere om på akkurat den tingen.

Å lage musikal er ikkje for sarte sjeler. Men eigentleg likar Ingrid Bjørnov godt at det kokar, og ho forstår ikkje kor ho elles skulle funne adrenalinnivået som finst i innspurten til urpremieren på ein ny musikal. Ho har ikkje tenkt å begynne med buldring eller noka form for ekstremsport.

Der er berre nokre dagar igjen no, og Ingrid Bjørnov veit at det berre er eit tidsspørsmål før ho skal bli dødeleg fornærma. Ein låt ho har hjarte for kjem til å bli stroken. For sånn er det å lage musikal. Og da blir ho alltid sur og går ut og kjøper noko dyrt.

Akkurat no er det ein kamp om tida. Men …

- Eg gir meg ikkje før dei slepper inn folk. Eg har aldri gjort det. Det er ikkje ferdig før det er folk i salen.

Epilog

Eit tidshopp seinare. Det har gått nokre veker sidan urpremieren på Spynorsk. The Musical. Dei kom i mål, og det er mogleg å gjere opp status:

- Ingen låtar blei strokne! Det har eg aldri opplevd før! Nokre blei rettnok korta kraftig ned, men det blei berre halvdyrt.

Ingrid Bjørnov er tilbake på teateret. Klokka tikkar mot 20.00, og i salen på Hovudscenen kan ein no høyre lyden av 735 glade, forventningsfulle publikummarar. Snart skal dei vere med å bøye verbet «å symje» på ein småfunky Chaka Khan-aktig måte. På scenen står det 12 skodespelarar som gjer dei siste førebuingane. Snart går teppet opp.

Men Ingrid Bjørnov sit ikkje i salen. I kveld skal ho oppleve framsyninga frå den finaste staden i heile verda. Bak ryggen på kapellmeister Svenn Erik Kristoffersen. Ho er tilbake i orkestergrava, om enn for berre ein kveld.