Bakgrunnsartikkel

Spirituelt teater

For første gong skal ein av Noregs mest særmerkte scenekunstnarar og regissørar, Lisa Lie, innta den største scenen på Det Norske Teatret.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Regissør Lisa Lie jobbar med draumelogikk og andre typar verkelegheitsforståingar som utgangspunkt i framsyningane sine. Ho er inspirert av teoriar om teateret sitt opphav, av gamle ritual, mytologi og filosofi. Men også av populærkultur og absurd humor.

Også tekstleg er framsyningane hennar overflodshorn av aforismar og paradoks. Andre typar logikkar og fascinasjonen for det irrasjonelle og det uføreseielege, gjer verka hennar mangetydige.

Scenekunstnaren har sidan barndomen vore oppteken av obskur historie, okkultisme, mytar, mysterium, natur og eventyr. I 2023 tok ho ein doktorgrad i korleis det går an å bruke teknikkar frå sjamanisme, spiritisme og ritualmagi i teatrale rom.

Skogsunderholdning, teaterfestivalen i Fjaler, 2014. Foto: David Zadig.
Ben, ei vandreteaterframsyning. Östgöta Teatern og andre lokasjonar, 2024. Foto: Östgöta Teatern.
Vake, premiere ved Black Box Teater 2022. Ei framsyning som varte gjennom ei heil natt. Publikum blei frakta frå teateret til ein hemmeleg stad. Foto: Mariken Halle og Istvan Virag.
Fønix, 2026, Den Norske Opera & Ballett, Trondheim Symfoniorkester & Opera og Bergen Nasjonale Opera. Foto: Erik Berg.

- Spørsmålet er om det finst håp for oss?

Middelaldersk skrekkscenario

Framsyninga Dommedaggry er inspirert av skrekkscenario om dommedag frå mellomalderen, og den overdådige estetikken som rådde hos dei nyrike overlevande etter svartedauden.

I framsyninga møter vi blant andre ein skodespelartrupp som blir rive istykker av gulltørst, maktkampar og gammalt agg, idet jorda går under og blir bombardert med meteorittar frå verdsrommet. I øydemarka som openberrar seg, ligg nye vegar gjennom labyrinten under verda.
- Vi leitar gjennom mennesket. Spørsmålet er om det finst håp for oss? Vi leitar med lys og lykt, seier Lisa Lie.

Ho kan ikkje avsløre kva dei finn, men publikum kan forvente seg ein visuelt forførande dommedag med hardtslåande musikk av Witch Club Satan, arketypiske skjeggkre og ein vridd humor i djupt alvor, blanda med det sakrale og vakre.

- Øydemarka ligger inne i eit menneske som har mista håpet, seier den eine karakteren. Stykket kan også lesast som at det skjer inne i eit menneskesinn, med dei ulike stemmene og vala som oppstår på vegen til å bli eit heilt menneske. Vil det no eingong hjelpe å bli eit slikt heilt menneske, som er målet med bl.a. Jungs individuasjon, eller vil vi berre halde fram med å misforstå gudane, som vi brukar? Når det er så lett å misforstå sjølv dei enklaste mellommenneskelege interaksjonane, burde vi verkeleg vere skeptiske til det vi kan tolke ut av beskjedar frå dei gudane, meiner regissøren.

For å ta uttrykksfotoet til Dommedaggry, tok Lisa Lie med heile gjengen til skogs. Foto: Ole Herman Andersen.

Artikkelen er publisert 30. oktober 2026.