Bakgrunnsartikkel

Positiv aggresjon

- Vi har null ironisk distanse, og det inneber ein del risiko. Vi skal tore å stå i det vi gjer. Fullt og heilt, seier Witch Club Satan. I november inntar heksene Hovudscenen, og med det er bandet tilbake i teateret, der prosjektet faktisk starta.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

Midt i eit fabulerande scenerom med eit teater i teateret, ei sol, ein måne, stjerner, skjeggkre og ein teatertrupp, tronar eit band på ein meteor. Dette er ingen ringare enn Witch Club Satan. Bandet er kanskje ukjent for den gjennomsnittlege teatergjengaren, men innan visse miljø har dei på kort tid oppnådd kultstatus. Trass si korte fartstid som band, har Witch Club Satan rokke å bli ein snakkis i det internasjonale musikkmiljøet. Det er ei storhending at dei no skal vere med i framsyninga Dommedaggry på Hovudscenen. Lydbildet deira kan beskrivast som ein vegg av melodiske og samstundes støyande gitarar, trommer som hamrar i maskingevær-takt og over det heile ein guttural vokal som tidvis brølar og tidvis skrik ut kraftige bodskap om opprør mot alle former for undertrykking og skam. Sjølv kallar dei uttrykket for positiv aggresjon.

Teater og svartmetall

Svartmetalleventyret begynte med at Nikoline Spjelkavik og Victoria Røising møttest da dei studerte ved Scenekunstakademiet i Fredrikstad, og etter eksamen i 2016 starta scenekunstkompaniet Lost and Found Productions. Musikk og feminisme var heile vegen viktige ingrediensar i prosjekta deira. Men det var eitt konsept som låg og gjæra i tankane: å kombinere teater og svartmetall.

Regissør Lisa Lie er oppteken av naturkreftene, og hadde funne ein spesiell stein i skogen til uttrykksfotoet til Dommedaggry.

- Vi har alltid tenkt at dei som driv med denne musikksjangeren driv med teater, seier Nikoline Spjelkavik.
- Så vi var nysgjerrige på kor langt vi kunne strekke den teaterdelen i svartmetallen. Men vi var også interesserte i kvifor det var så få damer som heldt på med denne sjangeren, og korleis det feminine kunne vere med på å utvide han. Saman med Johanna Holt Kleive utforma Spjelkavik og Røising universet som blei til Witch Club Satan.

Med framsyninga som fekk tittelen Witch Club Satan i 2022, tok det verkeleg av, og bandet byrja leve sitt eige liv.
- Vi trefte plutseleg eit mykje breiare publikum, og vi blei tatt inn i varmen av musikkbransjen på ein måte vi ikkje var førebudde på.
I 2024 omtalte det engelske musikkmagasinet Metal Hammer debutalbumet deira som «det beste som har skjedd black metal på fleire år».

Transformerande

I dag maner Witch Club Satan sverjingane sine for fans på turnear i USA og over heile Europa. Konsertane deira er som okkulte ritual og tek i bruk ei rekke kraftige teatrale verkemiddel i tillegg til den hardtslåande musikken.

- Kvar låt er som eit mantra og har som mål å vere ei transformerande reise for oss sjølve og for publikum, forklarar Victoria.
Ho meiner støyen kan vere ein effektiv måte å komme i kontakt med kjenslene på. Det blir ei fysisk oppleving av lydbølger som treffer kroppen og skapar friksjon.
- Det kan faktisk også vere ganske meditativt, som ei spirituell reise, om du opnar opp for det.
- Vi ønskjer at folk skal vakne opp og gjere ein forskjell i verda og livet sitt, legg bandmedlem Hedda Lægreid til.
- Vi er veldig tydelege i standpunkta våre, og tiltrekker oss nok mange som er einige med oss. Men det har vore interessant å tre inn i eit miljø der det er mykje større kontrastar og fleire meiningsytterpunkt enn det til dømes er i teatermiljøet, der alle stemmer på venstresida, meiner Victoria.

Interaksjon med publikum er ein viktig del av konsertopplevinga. Foto: Jacob Dinesen.

Witch Club Satan nytter seg av sterke verkemiddel i uttrykket både visuelt og musikalsk. Foto: Kjetil Martinsen.
Musikken og opplevinga set publikum i kontakt med urinstinkta. Foto: Svein Spjelkavik.
Det er hardt, støyande og kan gå røft for seg på konsert. Foto: Jacob Dinesen.
Dei samanliknar metallen med oliven, som komplekse smakar ein kanskje ikkje elskar umiddelbart, men som veks på deg. Slik det ofte er det med det som er framand. Foto: Jacob Dinesen.

- Kvar låt er som eit mantra.

Uttrykket deira visuelt er inspirert av heksekulturen, kostyma deira er ofte nesten ingenting, men kroppen er gjerne dekt av langt, svart hår, kroppssminke og blod. Det ekspressive uttrykket, det overskridande, koplinga til hekseri og det rituelle er noko Lisa Lie og Witch Club Satan har til felles.
- Framsyninga Dommedaggry handlar om å leite etter håp i noko som ikkje verkar så håpefullt. Det er vel eigentleg det Witch Club Satan også handlar om. Å leite etter endring som form for håp, seier Nikoline.
- Ikkje gløym at du faktisk kan gjere ein forskjell. Du kan gjere motstand, og det har noko å seie.

Witch Club Satan kan kanskje verke skremmande i uttrykk, men prosjektet spring ut ifrå ein humanistisk og feministisk visjon. Foto: Uncle Allan.

Tilbake til røtene

I Dommedaggry kjem Witch Club Satan tilbake dit dei starta, i teateret, og tek med seg metallen. Det kjem til å bli både stygt og vakkert, rabiat og sakralt. Men også humoristisk.

Og nett dette aspektet er bandmedlemmene i Witch Club Satan ekstra spente på:
- Vi som hekser er jo… Det er veldig alvorleg, seier Victoria med ettertanke.
- Det skal lite til før det bikkar over i komedie. Og nettopp derfor er vi spente på å jobbe med Lisa Lie, som vi synest lagar mørk, briljant humor, og på korleis alvoret vårt skal fungere i miksen, legg Nikoline til.
- Det finst absolutt noko leikent og lett i det vi gjer, som sikkert blir viktig å lokke fram i ein så tung tematikk som dommedag. Men det er ikkje komisk.

I Dommedaggry er Witch Club Satan representert av følgande hekser:
Victoria Røising (bass)/ Hedda Lægreid (bass), Nikoline Spjelkavik (gitar) og Mina Halvorsen (trommer).

Kinofilmen HEX – Ein dokumentar om fenomenet Witch Club Satan, går også på kino frå 30. oktober.

Artikkelen er publisert 30. oktober 2026.