Ekorn ville ikkje drøyme om å samle oss inn og legge oss i hole tre om hausten, men er vi likevel verdt å ta vare på?

I Dommedag vil regissør Lisa Lie, scenograf Ida Grimsgaard og kostymedesigner Alva Brosten i lag med det okkulte svartmetallbandet Witch Club Satan ta publikum med inn i ein undergang der under oppstår. Dei er inspirerte av skrekkscenario om dommedag frå mellomalderen og den overdådige estetikken som rådde hos dei nyrike overlevande etter svartedauden.

På jakt etter det skjønne, det sanne og det gode

Verda har gått under mange gonger. Vi har drøymt fram dommedagar gjennom tusen av år. Vi har gjenfortalt minne om katastrofar, historiske augeblikk å hugse til skrekk og åtvaring. Dette er som ei spegling av det sirkulære menneskelivet; vi oppstår og døyr aleine i ein slags ring, og antar instinktivt at alle ytre fenomen også burde likne. Desse dagdraumane og minna og vanskane med å forstå at vi er verdt noko, og den knugande kjensla av at vi burde bli straffa heile tida, er effektive sjølvoppfyllande profetiar og kollektive psykosar. Dei har leidd oss hit til daudens rand, nok ein gong. Og frå denne kanten går vi ned i menneskas underverd for å leite etter håp i skuggesidene av sjølvet.

Finst det håp? Er håp bra for oss når det gjer oss så farlege? Har vi menneske formildande trekk vi kanskje til og med kan feire?

Skjeggkre, meteorittar og dommedag

I framsyninga vil vi møte ein inkjeanande skodespelartrupp i ei verd som blir invadert av forvaksne, raude skjeggkre medan jorda blir bombardert med meteorittar frå verdsrommet. Publikum kan forvente seg ein visuelt forførande dommedag med ville stemmer, hard musikk, oppsiktsvekkjande kostyme og ein absurd, forvridd humor, blanda med sakrale og vakre parti.

INFORMASJON TIL PUBLIKUM

Kvar framsyning er det mogleg å kjøpe ti billettar som er på scenen. Dei som kjøper desse billettane vil på noko vis bli involvert i framsyninga.
Du finn desse billettane i salkartet under "UNUMMERERT" når du kjøper billett.

Vi gjer også merksam om at det kjem til å bli høg lyd under denne framsyninga.

Kjøp billett

Vel speledato for Dommedaggry

Finn ut meir