Under open himmel handlar om håp, overleving og tru på kunstens verdi i ei uroleg tid. Med denne engasjerande, utfordrande og politisk fabulerande teksten rundar Erik Ulfsby av sine 14 år som teatersjef ved Det Norske Teatret.
Framsyninga utforskar møter på fleire nivå. I eit kryssingspunkt mellom utopi og dystopi møtest to menneske med ulik bakgrunn, verdiar og kulturar. Verda slik vi kjenner den har kollapsa. Alt ligg i ruinar.
Angel, med løkka rundt halsen, representerer «avskummet på jorda». Men før han døyr, ønskjer han å knytte band, han vil bli respektert og omfamna. Al, den intellektuelle, er rik på kulturell kapital, men har mista trua på menneskeslekta. Han trekker ei tralle fylt med kunstgjenstandar han har redda frå den siste borgarkrigen. Dei to slår seg saman og set kurs mot Fridomens land.
Kunsten er nøkkelen deira til fridom, men vegen dit blir ikkje som dei har forventa.
Teateret møter kunsten
Under open himmel markerer òg eit møte mellom to norske kunstnarar, sentrale på kvart sitt felt, teatersjef og regissør Erik Ulfsby og den Berlin-baserte konseptkunstnaren Lars Ø Ramberg. Ulfsby har som teatersjef vore oppteken av å fremje «big talk» i staden for «small talk». Han har engasjert seg i samfunnsaktuelle debattar og gitt dei rom i teateret. Han har prioritert å gi smale tekstar større plass på scenen og opna teateret for kunstnarar frå andre kunstformer.
I Under open himmel bidreg Ramberg med sitt visuelle kunstnarskap. Han er internasjonalt kjent for sine monumentale tekstskulpturar i offentlege rom. Han fekk sitt gjennombrot då han tok over DDRs parlamentsbygning i Berlin og forvandla det med enorme neonbokstavar: «ZWEIFEL». På Økern har Ramberg bygd Noregs største kunstverk, «TILLIT», som med sine 20 etasjar er synleg frå store delar av byen og reiser fleire spørsmål enn svar.
Ekte kunst
I denne framsyninga spelar bildekunsten ei stor rolle. Ramberg samarbeider derfor med Oslo kommunes kunstsamling (OKK) som bidreg med kunst på scenen. Samarbeidet mellom teateret og kommunen er heilt unikt. Ramberg insisterte på at alle scenene måtte inkludere ekte kunstverk, anten frå hans eige arbeid eller frå OKK. Scenens univers er fylt med kolossale betongbokstavar, ord som renn som fossar, dronar og ord som skin som våpen. Med kunst frå OKK blir framsyninga ei genuin kunstoppleving, meiner Ramberg.
Avdelingsdirektør i OKK, Daniella van Dijk-Wennberg, meiner at dette samarbeidet er spanande.
- Vi når eit anna publikum og kunsten vår blir sett inn i ein samanheng der den inngår i ei forteljing som løftar fram kunstens rolle i samfunnet. At vi både har kunst på scenen og i foajeen understrekar dette.
Originalverk frå store kunstnarar som til dømes Hanne Borchgrevink, Odd Nerdrum og Frans Widerberg vil bli vist på scenen som del av framsyninga, mens andre kunstverk frå samlinga til Oslo kommune blir vist i teaterets foajé som ei forlenging av framsyninga.
I Under open himmel søkjer Tesich etter ein høgare himmel, ein av meir eksistensiell karakter. Kva er meininga med livet? Kva er fridom? Er den tilgjengeleg for alle?