Erik Ulfsby leiar eit tysk-norsk samarbeid med konseptkunstnarane Lars O. Ramberg og Ditteke Waidelich. Saman skal dei freiste å nærme seg det som skjedde 22. juli.

77 menneske blei drepne denne dagen, i regjeringskvartalet og på Utøya. Mordaren gav seg ut for å vere frelsar. Som medlem av Tempelriddarordenen skulle han redde Europa frå den «multikulturelle, kulturmarxistiske og feministiske» villfaringa og peike på den rette sti. Denne handlinga traumatiserte ikkje berre Noreg, men skaka heile den liberale verda. Dei same kreftene er no på frammarsj overalt i Europa, krefter som hyllar det antimoderne. Motstand mot demokratiet, mot pluralismen, feminismen og globaliseringa fekk sitt tydelegaste uttrykk gjennom Breiviks handlingar, men haldningane vinn terreng. Kva gjer samfunna våre så sårbare for høgrepopulistiske og autoritære forsøk?

For å prøve å skjønne kva som hadde skjedd, gjorde journalisten og forfattaren Åsne Seierstad omfattande undersøkingar og snakka med overlevande og pårørande. I den prisløna boka En av oss skriv ho om å søkje tilhøyrsel utan å finne den. Det finst ikkje nokon enkle svar. Materialet stadfestar heller det mest ubehagelege: Gjerningsmannen var ein av oss, ein fyr som streva etter anerkjenning, men som i det verkelege livet gjekk på det eine nederlaget etter det andre. I årevis dreiv han med dataspel. Spel som handla om å skaffe seg ry og ære. Så blei han opptatt av islamfiendtlege propagandasider på internett. Han dikta seg ei digital verdsordning som han let blande seg med dei handlingane han utførte.


Erik Ulfsby leiar eit tysk-norsk samarbeid med konseptkunstnarane Lars O. Ramberg og Ditteke Waidelich. Saman skal dei freiste å nærme seg det som skjedde denne dagen, forske på kva som var drivkrafta og kunstnarleg fange det kollektive traumet som ramma samfunnet vårt 22. juli 2011. Det er ikkje Seierstads roman som blir dramatisert i framsyninga, men stykket låner tittelen frå boka. I lag med ei rekke andre tekstar og personlege erfaringar dannar romanen utgangspunktet for denne framsyninga. Einer von uns får urpremiere ved Hannover Schauspielhaus 20. mars. Ved Det Norske Teatret er Ein av oss premiereklar 22. november.