Bakgrunnsartikkel

Mannen bak kameralinsa

Han er kjent for dei fleste for store roller i film og TV, og er til stades på scenen heile tida. Likevel er det som om ein ikkje heilt legg merke til Mads Sjøgård Pettersen.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Men bilda han skapar som kameraførar og videoregissør kan ein ikkje unngå å sjå. Gjennom kameralinsa har han full kontroll over kva bilde publikum får oppleve i storformat. Heilt framme på scenen er det tre digre flater der alt Mads Sjøgård Pettersens kamerablikk fangar opp, blir projisert. Det mange i publikum nok ikkje veit, er at det er ei filmstjerne som dansar lydlaust rundt på sokkelesten mellom skodespelarane. Ein skodespelar som har hatt nokre av dei største rollene i filmar som Troll, Den 12. mann og Upperdog. Eller i NRK-seriar som Lykkeland og Kampen om tungtvannet. Akkurat no er han aktuell i tv-serien Rinnan, men i Cabaret er det han som set andre i fokus.
- Eg tenkjer at eg er på lag med publikum. Hovudfokuset er at det skal vere ei like god oppleving uansett kor du sit i salen. Tett på får vi også sjå det fulle og komplekse arbeidet til kvar av skodespelarane. Gjennom kamera prøver eg både å få med meg det publikum ikkje nødvendigvis får med seg frå salen. Eller å finne ei eiga historie i iscenesetjinga. Noko som ikkje ligg der frå dramatikaren si hand, seier videoregissøren.

Gjennom kamera prøver eg både å få med meg det dei ikkje nødvendigvis får med seg frå salen.

Kameraet er alltid til stades i Cabaret. Foto: Fin Serck-Hanssen.

Langt samarbeid

Gjennom mange år har han samarbeidd med regissør Kjersti Horn, scenograf Sven Haraldsson og lyddesignar Erik Hedin om å eksperimentere med kamera på scenen. Det heile starta da han var regiassistent for Horn på suksessframsyninga Natten er dagens mor på Nationaltheatret i 2015. Kjersti Horn meinte det ville vere spennande å ha med video i framsyninga, og med det var Sjøgård Pettersen tatt opp på scenen som kameraoperatør.

Sidan har dei eksperimentert med formatet i ei rad produksjonar, mellom anna her på Det Norske Teatret. I Raskolnikov gjekk heile framsyninga føre seg i små rom rundt omkring på Det Norske Teatret med Sjøgård Pettersen på slep, medan publikum sat i salen og fekk teateropplevinga liveframført på eit stort lerret inne på Scene 3. Her måtte han gå tett på.

I Raskolnikov var det skodespelarane sjølve som filma kvarandre etter Sjøgård Pettersens kameraregitilvisingar. Foto: Dag Jenssen.

I Kristin Lavransdotter på Hovudscenen var det lange monologsekvensar, og han kunne variere mellom å vere heilt kloss på skodespelarane, og å lage lengre cinematiske bilde på avstand.

- Halvvegs uti Kristin-framsyningane kjentest det ofte ut som at eg skulle døy. Den fysiske og psykiske belastninga var så tung. Men det gjekk. Kvar gong.

I Kristin Lavransdotter var Sjøgård Pettersen tilstades på scenen gjennom heile den åtte timar lange framsyninga. Foto: Dag Jenssen.

- Hedda Gabler er meir snappy og dialogbasert, så det blir meir å kaste seg på, hit og dit. Nokre gongar vel eg å dvele ved karakteren som ikkje snakkar, for å fange opp reaksjonen på det som blir sagt. Men det er jo også det som er veldig gøy med Ibsen, at det er driv i dialogen. Uttrykket på det eg lagar blir inspirert av både såpeserie, action og horrorfilm, seier videoregissøren.

Jae Nyamburah som Hedda Gabler blir filma tett på av Mads Sjøgård Pettersen. Foto: Pernille Sandberg.

- Da vi jobba med Kristin Lavransdotter blei eg djupt fascinert og deretter forelska i skodespelarane.

Tokameraproduksjon

I Cabaret testar dei ut å ha tre skjermar og to kamera på scenen. I tett duett med Mads Sjøgård Pettersen, kvervlar kamerafører Borgar Skjelstad, som også har vore medskapande i utforminga av Cabaret. Dei har tidlegare samarbeida i framsyninga Einkvan her på teateret, og på Fanny og Alexander ved Rogaland Teater. Under Cabaret sin speleperiode vil også filmfotograf Eirik Evjen alternere på det eine kameraet.

Det publikum får sjå på scenen blir da levande teater på scenen, og tre skjermar med ein tokameraproduksjon. Somme tider viser skjermane eitt einaste stort bilde, men for det meste er skjermane delte og viser to like og eitt ulikt bilde, eller to ulike bilde på same tid. Dette gir moglegheita til å vise både den som gir pakka, og den som mottar den, for referere til eksempelet over. Eller både den som snakkar, og korleis den som blir snakka til reagerer.

Det krev djup konsentrasjon å filme kvart augeblink av framsyninga. Foto: Fin Serck-Hanssen.

- For å få til dette, må vi gå heilt tett på. Sjølv om vi som filmar må stå i vegen for det publikum ser live på scenen, må vi stille oss framføre skodespelarane for å få kontakt med ansiktet og auga.
Det handlar om at aksene på blikka mellom skodespelarane i kvart kamera må stemme, slik at ikkje publikum blir forvirra.
- Det vi gjer i Cabaret er det mest komplekse eg har vore med på til no. Det er eigentleg to filmar som skal bli spelt av på same tid.
Han innrømmer at dette gir ei avansert oppleving som krev ein del av sjåarane. Dei blir utfordra til å ta nokre val:
- Nokre vel kanskje å sjå på ein skjerm nesten heile tida, medan andre «shoppar» mellom ulike skjermar og scene kontinuerleg.

Heddas hus med Mads Sjøgård Pettersens video projisert på store lerret i Hedda Gabler. Foto: Pernille Sandberg.

- Eg trur faktisk ikkje folk vil ha det perfekte lenger.

Medspelar på scenen

Han ser på seg sjølv som ein medspelar til skodespelarane på scenen, ikkje ein observatør. Med eit relativt lite, handhelde kamera kjem han tett på kollegaene. Det er viktig for han at skodespelarane kjapt i prøveprosessen blir vane med at det står eit pustande menneske ein halvmeter ifrå dei og kastar eit kamera med sterkt lys i fjeset på dei. Etter kvart kjenner han skodespelarane godt, korleis dei fører seg, korleis dei trekker anden, den minste vesle handrørsla.
- Da vi jobba med Kristin Lavransdotter blei eg djupt fascinert og deretter forelska i skodespelarane. Litt ut i speleperioden - elska eg dei fullt og heilt. Eg kjente dei så godt.

Han understrekar at det teateruttrykket han, Kjersti Horn, Sven Haraldsson og Erik Hedin har samarbeida om over år, ikkje handlar om perfeksjon. Perfekte bilde får folk nok av via andre media, meiner han.
- Vi viser fram rå, uredigerte bilde. Eg trur faktisk ikkje folk vil ha det perfekte lenger.

Kameralinsa fangar opp eit nærbilde av det som skjer midt på scenen medan dansarane dominerer i scenebildet i Cabaret. Foto: Fin Serck-Hanssen.

Utforsking av teatermediet

Blant publikum er det nokre som blir provoserte over den utstrekte filmbruken, medan andre synest det er verknadsfullt å få så ufiltrerte og tette bilde av dei som er på scenen.

Alle skjermane viser eitt stort bilde i Cabaret. Foto: Fin Serck-Hanssen.

For Sjøgård Pettersen, Horn, Haraldsson og Hedin er dette prosjektet også ei utforsking av kva teater er og kan vere i framtida:
- Gjennom å gi publikum både teateropplevinga og samtidig låne frå TV og film, håpar eg vi kan skape noko der det filmatiske og det teatrale går opp i ei høgare eining.

Høyr mer om bruk av video i teateret i vår eigen podkast!

Toppfoto: Håkon Mosvold Larsen/NTB
Artikkelen blei første gong publisert 6. september 2024. Oppdatert 3. november 2026.