Bakgrunnsartikkel

Skogscollage

I Utiseta kan det meste tolkast på minst ein måte. For eksempel kan scenografien til Maja Nilsen på ei og same tid gi assosiasjonar til noko så forskjellig som ein skog og skitten klubb.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

- Eg får litt kick av å sette saman ulike verder med referansar som sprikar i ulike retningar, eller når ulike tidsepoker som møtest.

Når Maja Nilsen jobbar tek ho i bruk heile scenen og lagar ei alternativ verkelegheit. Her er nesten ingenting berre nett det du ser ved første augekast. Scenografien, kostyma, maskene og rekvisittane i framsyninga byr på eit vell av detaljar, referansar og digresjonar. Er det eit silkekledt skoglandskap vi ser, eit myrmoselandskap, eit ormebol - eller ei underjordisk bule? Er det ein orm, ein mark – eller ein penis?? Ein roten stubbe – eller eit rævhol? Eller kanskje alt på ein gong?

På scenen står ei norne i romantisk kjole og med ekstravagant håroppsats og syng eit stev. Ei anna syng opera. Det blir dansa poledance. Ein nisse i bondageaktige klede drikk mjølk. På utiseta kan kanskje alt skje. Regissør Lisa Lie og scenograf Nilsen er ikkje redde for å blande det plumpe med det høgverdige, det alvorlege med det tøysete eller det banale med eit vell av referansar til kunsthistorie, popkultur, draumar, mytar, porno og trolldom. For å nemne noko.
- Eg kjenner meg veldig inspirert av ulike symbol, urtid, folklore, skapingsmytar og kor alt vi omgir oss med kjem ifrå. Eg er spesielt interessert i kor den visuelle verda vår kjem ifrå og korleis vi blir påverka av landskapet rundt oss, seier Nilsen.
Ho har i mange prosjekt undersøkt det djupe og organiske bandet som har vore og framleis finnest mellom mennesket, naturen og folklora knytt til det.
- Kva pregar oss framleis, frå det som har vore før? spør ho.

Utiseta, 2022. Regissør: Lisa Lie. Scenografi og kostyme: Maja Nilsen. Foto: Signe Luksengard.

I utgangspunktet er Maja Nilsen bildekunstnar, og har jobba mykje med collage. Denne lett kaotiske tilfeldigheitslogikken har ho med seg inn i teaterrommet, og saman med regissøren samlar dei ulik informasjon og idear og set dei saman som trådar i ei vev. Denne gongen har dei latt seg inspirere mykje av norrøne mytar. Lie hadde ein klar idé frå starten om at ho ville lage ei framsyning som skulle handle om utiseta - den gamle norrøne skikken for å sitte ute i skogen for å oppnå ei høgare innsikt eller kontakt med dødes sjelar eller naturen. Deretter balla det på seg med fleire norrøne mytar, mytiske skapnadar, eventyr, segn og referansar til mytar frå den store verda.

- Ofte ligg svaret i naturen.

Galaxias Kyklos, collage, 2021. Maja Nilsen.
Galaxias Kyklos, collage, 2021. Maja Nilsen.
Poem of the End, collage, 2009. Maja Nilsen.
Poem of the End, collage, 2009. Maja Nilsen.
Mare, Det Norske Teatret, 2019. Regi: Lisa Lie. Scenografi og kostyme: Maja Nilsen. Foto: Tale Hendnes.
Mare, Det Norske Teatret, 2019. Regi: Lisa Lie. Scenografi og kostyme: Maja Nilsen. Foto: Tale Hendnes.

- Men så kan Lisa seie: «Det hadde jo vore artig om det var nokre nissar også i den skogen!» Og så tek vi inn nokre nissar, da, seier Maja.
Så skapte dei to nissar som er blitt både frekke og sinte, og ser ut som dei skal på klubb.
- Da er det litt gøy at nissane i framsyninga forheld seg til treet på scenen som både tuntre og reiskapsbu, medan nornene vaktar det som Yggdrasil, sjølve verdstreet.

Utiseta, 2022. Kenneth Homstad som nisse. Foto: Signe Luksengard.

Gullgolvet i skogslandskapet er inspirert av det faktum at det er funne mykje gull i gamle myrer, noko forskarar har stussa over og prøvd å finne forklaringar på. Ei av forklaringsmodellane er at det er ofra edelt metall til gamle tuntre som ein gong har stått der, men som har rotna. Men gullet ligg igjen.
- Det synes teg er ein inspirerande tanke!, seier scenografen engasjert.
Ho synest det har vore befriande å bevege seg inn i eit så eventyraktig landskap som Utiseta er blitt. Collageteknikken i lag med ein draumeaktig logikk gjer at ein kan oppheve den tradisjonelle formen for dramaturgi:
- For eksempel kan urtids-norna vere blåfe og samtidig vere ei slags urtidsmor eller ein øglekarakter, forklarar Maja.

Om du som les dette synest det høyrest litt kaotisk ut, rart eller vanskeleg å forstå, så er oppfordringa frå Maja å ikkje prøve å forstå alt. Men heller stille med eit ope sinn, og stille seg inn i drøymemodus, der logikkens lovar er oppheva.
- Vi ønskjer at folk skal oppleve å bli dregne inn i ei anna verd, som ein draum, og vere med på noko dei aldri har gjort før. Noko du kjenner igjen, men som likevel er framand, at personar kan vere ein person men sjå ut som ein annan, forklarar Maja.
Ho håpar dei klarar å skape eit rom og ei verd der folk får lyst til å vere ei stund. Og kanskje kan dei opne auga for for gamal kunnskap som er i ferd med å gå tapt, sjå verda på ein ny måte eller bli interesserte i noko nytt i seg sjølv.
Eller få lyst til å dra på sin eigen utiseta?

Toppfoto: Eirik Malmo
Publisert 29. oktober 2022.