Bakgrunnsartikkel

Nokre mytiske referansar i Utiseta

Utiseta er ei vev av ulike referansar til myter, segner, eventyr og folketru. Her er ei kort innføring i nokre av dei.

Skrive av
Åsne Dahl Torp og Ingrid Kvam Østmark
Informasjonskonsulent og praktikant

Utiseta

Sjølve ordet "Utiseta" kjem av «å sitje ute». Det er ein tradisjon frå førkristen tid i Skandinavia for å oppnå djupare innsikt. Det finst også liknande ritual i andre kulturar. Ein skulle sitje ute i naturen, gjerne på ein gravhaug nattestid, for å vekke opp troll, kople seg på naturen og dei kreftene som budde der. Ein kunne også ta del i minnet til dei døde, til formødrer og forfedrar, til landskapet med sine mange underjordiske, jordiske og overjordiske rike. Etter kristninga av Noreg blei det forbode å útiseta at vekja troll upp ok fremja heiðni, altså å "sitje ute og vekkje troll og praktisere heidenskap". Om ein blei skuldig i å utføre utiseta, skulle dette straffast med døden.

Tre

Det finst mange mytar kring tre i ulike kulturar og religionar. Ofte er treet også gjenstand for direkte kult, ofringar og ritual. Treet kan symbolisere evig liv, guddommar, fruktbarheit eller representere sjølve verda og universet. Dei mest kjende mytene i nordisk kultur, er Kunnskapens tre i Bibelen (frukten gir menneska kunnskap om godt og vondt), verdstreet Yggdrasil i norrøn mytologi og tradisjonen rundt tuntreet på gardane. Yggdrasil låg i midten av verdas akse, i gudanes rike Åsgård, ifølge den norrøne gudelæra. Greinane strakk seg over heile verda og opp i himmelen. Yggdrasil var gudanes tuntre, og under treet låg ein brønn som nornene auste vatn over treet ifrå, så det skulle halde seg friskt. Tuntre har dei fleste gardar framleis, og mytane kring dette finn vi igjen i gamal folketru. Sidan førhistorisk tid var det vanleg at kvar gard hadde sitt eige tuntre som gardsfolket såg som heilag. Treet skulle vekse der haugbonden var gravlagd, og ville verne garden mot ulykker. Det var vanleg å ofre øl og mat til tuntreet, spesielt ved jul.

Foto: Signe Luksengard.

Foto: Signe Luksengard.

Nissar

Når ein tenkjer på nissen i dag, tenkjer ein som regel på den tjukke mannen med skjegg og raud topplue, som kjem med pakkar julekvelden. Han er av nyare dato og har røter nedover i Europa. Men det finst også mange ulike nissar i nordisk folklore og folketru. Den urnorske nissen hadde sju manns styrke, kunne trolle og heldt til på gardane. Gardsnissen tok vare på garden og dyra. Blei han dårleg behandla, kunne han forlate garden og ta hellet med seg. Difor har det vore fast tradisjon å sette ut mat, gjerne graut, til nissen kvar julekveld. Skognissen er meir tilbakehalden enn gardsnissen, og ser til dyra og skogen. Skipsnissen held til på seilskutene, og når skipsnissen bankar, blir det godvér, men høvlar han, blir det storm. Sjølv om du ikkje ser nissen, så er han aldri langt unna, og han følgjer alltid med.

Foto: Signe Luksengard.

Norner

Norner er overnaturlege kvinneskapnadar som er til stades når eit barn blir født, og bestemmer over lagnaden deira. Gode norner formar gode skjebner, mens vonde norner formar dårlege skjebner. Nornene held til i ein hall under treet Yggdrasil, som dei gir vatn. Der spinn dei også skjebnetrådar for menneske og gudar. Ifølgje Snorre Sturlason stammar nornene frå tre ulike slektar; ei frå alvane, ei frå æsene og ei frå dvergane. Sturlason trekker spesielt fram nornene Urd (representerer fortid), Verdande (representerer notid) og Skuld (representerer framtida).

Slangar

Eit av verdshistorias mest nytta symbol er slangen. Tydinga kan variere frå fruktbarheit og visdom, til svik og død. Bildet av ein slange som bit seg i halen er eit velkjend symbol. I oldtidas Egypt og Hellas var sirkelforma eit symbol for “alt i alt”, uendeligheita og den totale eksistensen. Den greske guden for medisin og lækjedom, Asklepios, hadde ein slange rundt staven sin. I dag er denne staven med slangen det internasjonale symbolet for moderne medisin. I Det gamle testamentets historie om Adam og Eva lurer slangen Eva til å ete av kunnskapens tre. Derfor blir slangen i den vestlige verda gjerne assosiert med djevelskap og vonde krefter. I norrøn mytologi opptrer slangen som Midgardsormen og Nidhogg. Midgardsormen omkransar menneskas verd, Midgard. Nidhogg held til ved ein av brønnane under Yggdrasil, og gneg på ein av røtene til treet. Han et også av lika til menneska som har kome til dødsriket Hel, som straff for dårlege handlingar dei har gjort i livet.

Foto: Signe Luksengard.

Foto: Signe Luksengard

Kattar

Kattar er eitt av dei dyra vi menneske har hatt som husdyr lengst, og i dag er det mange som bruker kattar som avkopling frå kvardagen. Kattevideoar spreier seg som virus i det sosiale media vi omgir oss med. Men det er tradisjonelt mykje symbolikk forbunne med kattedyret. Han kan vere eit symbol for rikdom, fantasi, forføring, ulykke, det feminine og mørkets kreftar. Heksar har ofte med seg ein svart katt. Den norrøne kjærleiksgudinna Frøyas dyreskapnad er katt, og ho hadde også to kattar som drog vogna ho satt i. Gamal folketru skal ha det til at katten har ni liv. Mange trudde óg at kattens åtferd kunne varsle kva som kom til å skje. Sjølv i dag er det mange som tenkjer at det tyder ulykke om ein katt går over vegen framfor deg. Spesielt om katten er svart.

Myrer

Myra er mystisk, myteomspunnen og farleg. Myra kan symbolisere det kvinnelege kjønnsorganet fordi ho er fuktig og fruktbar. Myrer yrer av både planteliv og dyr. Dei kan tørke ut, men komme til live igjen. Ein kan drukne i myra om ein trår feil, og Huldra var ein av dei som kunne lokke folk på villspor. Odins kone, gudinna Frigg, budde i Fensalane, som betyr myrsalane. Ho blir også forbunden med fruktbarheit og siger i krig. Heilt sidan jernalderen har det vore vanleg å ofre både mat, edle metall, krigsutstyr, dyr og menneske i myrene. Derfor er det funne mange godt bevarte myrlik i norden, men også gods og gull.

Foto: Signe Luksengard

Kjelder: Store Norske Leksikon, Wikipedia, Aftenposten, Historienet.no, Norron-mytologi.no, Norgeshistorie.no, Forskning.no

Publisert 29. oktober 2022.