Bakgrunnsartikkel

Hekta på musikal

Ingeborg Sundrehagen Raustøl fekk "an offer she couldn’t refuse", for å omskrive ei av filmhistorias meir kjente replikkar. Kunne ho tenke seg å ta ansvaret for ei framsyning med låtar frå den lange musikaltradisjonen på Det Norske Teatret?

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

For skodespelaren som ikkje har hatt uttalte ambisjonar om å regissere eller ta leiarskap i scenerommet var det unekteleg skummelt å takke ja. Men for ho som har hatt eit livslangt forhold til musikk og teater var det også nesten som å få ei lykkepille ho ikkje visste at ho ønskte seg. Biten av musikal er tittelen på festkvelden som samlar musikalkreftene på Det Norske Teatret på Hovudscenen i vår. Ein smakebit, ei hekt eller ein beat frå musikalen – alt kan lesast inn i denne framsyninga.

- Plutseleg deisa dette prosjektet ned i fanget mitt og eg visste ikkje heilt korleis eg skulle stille meg til det. Første tanken var eit rungande HJELP! Men no har det vakse fram som noko eg blir så inderleg glad av, ja, rett og slett lykkekjensle!

Det var denne serien om ungdommar på den fiktive New York High School for the Performing Arts som tente gneisten i Ingeborg Raustøl og som fekk ho til å drøyme om eit liv ved scenen.

Ingeborg Raustøl har hatt mange hitar frå musikalen i lydsporet til livet sitt. Det starta med at ho ikkje fekk sove som lita jenta. Da ho lista seg inn i stova, sat mor hennar og såg serien Fame. Ho fekk lov å legge seg ned i sofaen, og frå da av var ho hekta. Feim, kalla ho det, og no var stilen og tonen sett. Skjørt over danselongsen, collegegenser og leggvarmarar.

- Etter det såg eg Fame kvar gong ein episode kom på TV. Som jo ikkje var kvar dag. Eg drøymde om å gå på kunstskole og danse i gatene som dei gjorde. Eg trur det var da eg bestemte meg for å bli skodespelar. Eg er eit barn av VHS-en og skaffa meg raskt Sound of Music, West Side Story og Hair på video. Dei gjekk på repeat. Og mamma hadde Hair på vinyl, som var helt magisk. Eg blei så gira at eg lova at dersom eg berre får spele i Hair ein gong i livet mitt så skal eg ikkje be om noko anna!

Om Ingeborg ikkje har fått oppfylt ønsket sitt enno, så har ho i alle fall stått på store scenar og bergtatt publikum med si vakre røyst og sitt sceniske nærvær. Sist som den ikoniske Marlene Dietrich i framsyninga Sporv og engel som nyleg runda av på Scene 2 etter nærare eitt år i repertoaret. I den andre ytterkanten er det kanskje nokon som hugsar salen som eksploderte da Ingeborg sette i ein versjon av Alicia Keys Girl on Fire i Kasimir og Karoline på Hovudscenen tilbake i 2018.

Gjertrud Jynge som Piaf og Ingeborg Raustøl som den elegante Marlene Dietrich
Gjertrud Jynge som Piaf og Ingeborg Raustøl som den elegante Marlene Dietrich
Frå Kasimir og Karoline. Ingeborg Raustøl og Eivin Nilsen Salthe, Hovudscenen, 2018.
Frå Kasimir og Karoline. Ingeborg Raustøl og Eivin Nilsen Salthe, Hovudscenen, 2018.
Hysterisk morsomt i The Book of Mormon, ei framsyning som spelte frå 2017 til 2019.
Hysterisk morsomt i The Book of Mormon, ei framsyning som spelte frå 2017 til 2019.
Gripande scener i Next to Normal. Heidi Gjermundsen Broch og Frank Kjosås i sentrale roller. Hovudscenen 2011.
Gripande scener i Next to Normal. Heidi Gjermundsen Broch og Frank Kjosås i sentrale roller. Hovudscenen 2011.

I ei tid med så mykje alvor og vonde ting som skjer rundt i verda, er fellesskapen i musikken er viktig.

- Det er ei velsigning å kunne lene seg mot musikken og dei store kjenslene vi finn i musikalane. Det vi treng no er latter og ein stad å vere saman der vi kan drøyme om morradan. Vi treng håp, trøyst og glede. Når orda ikkje strekk til, tar musikken over og hjelper oss til å forstå oss sjølv betre.

Ingeborg Raustøl gler seg over våren og trur musikk kan vere god medisin mot eit noko dystert nyheitsbilde. Foto: Monica Tormassy

No er det ho som skal setje saman eit musikalsk program med låtar frå den rikhaldige katalogen til Det Norske Teatret. Heilt sidan starten for over 110 år sidan har musikken vore ein berebjelke i teateret sitt repertoar. Riktig så langt tilbake har ho ikkje grave, men det blir eit gjenhøyr med mange kjente og høgt elska songar. På scenen står eit ensemble på ni skodespelarar og i orkesteret sit åtte musikarar som er tente på oppgåva.

- Eg håpar jo at denne musikalfesten kan passe for dei aller fleste. Den er for deg som treng eit friminutt, som vil mimre, den passar for deg som treng håp, som treng trøyst, som lengtar etter ein god latter, som søker fellesskap, eller deg som rett og slett vil høyre eit fantastisk band og dritgode skodespelarar som vil synge fletta deg. Det er ambisjonen.

Å ha regi på Biten av Musikal er ei uvant oppgåve for skodespelaren, men det er nesten litt som å få ei lita lykkepille, seier Ingeborg Raustøl. Foto: Monica Tormassy

Ingeborg Raustøl har tatt på seg ei oppgåve som ho går til med både ærefrykt og glede. Om det er dagar ho kjenner at ho sit litt fast, så hentar ho fram Tomorrow frå Annie. Treng ho derimot litt pepp før ho går til jobben er det Out here on my own frå Fame som rungar frå dusjen. Og skulle det by seg ein sjanse, så er det kanskje nettopp denne gongen Ingeborg kan få oppfylt draumen om å synge ein låt frå Hair.

- Vi får sjå, vi får sjå, seier ho med eit glis.

Det er jo trass alt ho som bestemmer no.