Bakgrunnsartikkel

- Eg kan ikkje sitje og vente på ein kar. Og kunne aldri ha spelt Solveig! 

Hedda Gabler derimot! Jae Nyamburah ler. Kroppsspråket er ikkje til å ta feil av. Det boblar over av energi. Ho bruker heile seg når ho skal fortelje om passande og mindre passande roller i Ibsen-katalogen. Slår over til engelsk for riktig å understreke viktige poeng og er tydeleg på at no er ho nøgd.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Jae Nyamburah veit at ho har kapra ei ettertrakta rolle. Spør kven som helst av kvinnelege skodespelarar om draumerolla og Hedda Gabler vil raskt vere blant dei hyppigast nemnde.
- Å få spele ein av Ibsens meir mytiske kvinnekarakterar er ei ære, seier ho smilande.
Men det er også litt skummelt. Da er det godt å hugse på at Hedda Gabler trass alt er ein fiktiv person.

Eit ikonisk kvinneportrett

Heilt frå utgjevinga i 1890 har Ibsens portrett av Hedda Gabler skapt reaksjonar. Å bryte med det uttalt kvinnelege var den gongen uhøyrt. Også i dag framstår Hedda Gabler som gåtefull. Ho er både vakker, glamorøs og intelligent, men giftar seg med Jørgen Tesman, ein litt sjølvtilfreds og tørr akademikar.

Uttrykksfotoet viser Jae Nyamburah som den glamorøse Hedda Gabler. Foto: Monica Tormassy.

Ei ung overklassekvinne utan midlar som gjer eit godt parti med ein mann på veg opp i statushierarkiet. Hedda Gabler uttrykker ikkje ønske om å bli ein pliktoppfyllande ektefelle og hevdar at ho ikkje har «anlegg» for å bli mor. Datidas strenge rammer og konvensjonar blir etter kvart kvelande trongt for ei fridomssøkjande kvinne som henne og livet blir uuthaldeleg.

Ei legendarisk rolle! Og eg gir liv til henne denne gongen.

- Eg har trua på at regien til Kjersti Horn, scenografien til Sven Haraldsson og musikken til Erik Hedin vil bli magisk og opne sinnet til dei som ser denne versjonen av Hedda Gabler. Saman med ein super gjeng rundt scenen og eit fantastisk ensemble låser vi oss ikkje i bestemde oppfatningar. Vi skal utforske og skape noko nytt saman, samstundes som vi tar vare på originalteksten. Det gjer det ikkje fullt så skremmande å gå inn i dette arbeidet.

Lærte av Toralv

Jae Nyamburah har spelt Ibsen tidlegare. I Erik Ulfsby si oppsetjing av Peer Gynt hausten 2018 spelte ho sjølvaste Dovregubben. Den gongen delte ho scene med Toralv Maurstad, ein mann ho fekk eit fint band til.
- Eg stod i mørkeret og såg på sluttscenen hans kvar kveld. Og grein. Fordi den var så ekte, så sann. Eg har lært veldig mykje av Toralv. Eg vaks som skodespelar av å spele Dovregubben. Av å jobbe med eit så erfarent ensemble som i Peer Gynt. Han er rett nok både sjølvgod og trongsynt, men eg spelar gjerne den styggaste rolla.

Jae Nyamburah som Dovregubben sjølv. Toralv Maurstad spelte Peer Gynt i ei framsyning som trekte titusenar av publikum. Regien var ved Erik Ulfsby. Foto: Stig Håvard Dirdal.

Som Gyldenstern i Hamlet, Scene 2, 2014. Regi ved Peer Perez Øian.
Som Gyldenstern i Hamlet, Scene 2, 2014. Regi ved Peer Perez Øian.
Som Paula i Halve Kongeriket, Hovudscenen, 2015.
Som Paula i Halve Kongeriket, Hovudscenen, 2015.
Som Lucy i Tenk om på Hovudscenen, 2016.
Som Lucy i Tenk om på Hovudscenen, 2016.
Saman med Toralv Maurstad bak scenen på Peer Gynt, hausten 2018.
Saman med Toralv Maurstad bak scenen på Peer Gynt, hausten 2018.

Frå Kenya til Hauketo

I 1990, hundre år etter utgjevinga av Hedda Gabler, kom Jae til Noreg saman med foreldra frå Kenya. Ho vaks opp på Hauketo, sør i Oslo. Allereie som barn drøymde Jae om å bli kunstnar. Som femåring fekk ho sine første videokassettar og barnebøker av Dr. Jon Bing, kollegaen til faren. Ho spelte barneteater hos Minken Fossheim i nokre år, men i tenåra tok musikken henne. Etter kvart fenga fleire kunstnarlege roller.

Som del av landsbyen i The Book of Mormon fekk Jae Nyamburah høve til å bidra slik at folka ikkje framsto som dumme. Suksessen spelte to år på Hovudscenen frå hausten 2017. Foto: Fredrik Arff.

Etter at bacheloren i skodespelarfaget var fullført under Det Multinorske i 2015 har ho ikkje berre vore å sjå på scenen, ho har også snust på regifaget og regisserte to framsyningar på Rommen scene i 2022. I tillegg har ho fått stipend for å skrive dramatikk, noko ho jobbar med på si. Men det er skodespelar ho er. Eit riktig stort publikum fekk ho da ho spelte i The Book of Mormon. Framsyninga gjekk over 2 år og spelte for nesten 220 000 publikummarar.

- Rolla mi var fire roller i den originale versjonen frå Broadway. Eg spelte landsbylæraren. Det var viktig for meg at dette ikkje var dumme folk. Så da eg delte ut bøker til dei andre i landsbyen var det viktig for meg at det stod kvantefysikk med store bokstavar på desse. Slike ting er gøy å vere med å bidra til.

Kjersti ser alle i rommet

Ho har også jobba med Kjersti Horn tidlegare og set regissøren høgt.
- Kjersti er utforskande, varm og tøff. Ho tør å sprenge teaterrommet. Det blir sikkert ikkje annleis no, sjølv om eg ikkje heilt veit kva ho har i tankane. Men eg likar idealet hennar. At teater kan vere så mykje. Ho ser alle i rommet. Kjersti er så til stades, lyttande og nær, og har eit enormt oversyn.

Sjølv meiner Jae at ho kan passe godt inn i prosessane til Kjersti.
- Eg er lett å be. Og har eit ope sinn. Men også eigne meiningar. Personlegdomen min er litt dramatisk, så – ja. Hahaha! Eg likar å leike, likar å ha det gøy, og nerdar i faget mitt. Eg trur det er eit godt utgangspunkt og gler meg til Kjersti Horn skal pushe meg i jakta på å finne vår Hedda Gabler.

Sven Haraldsson er scenograf og Kjersti Horn har regi på Hedda Gabler. Her er dei avbilda på Hovudscenen da dei sette opp Kristin Lavransdotter i 2022.

Les meir om skodespelaren:

Intervjuet er skrive i samband med oppsetjinga av Hedda Gabler og er publisert 19. mars, oppdatert 21. mai 2024.