Bakgrunnsartikkel

Fridomslengt

- Det største augeblikket eg nokosinne har opplevd på ein scene? Det er det eg opplever no med deg, seier Peiman Azizpour til skodespelarkollega Amell Basic. Saman har dei hovudrollene som to flyktningar i Under open himmel.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

På Hovudscenen kjempar dei to seg gjennom ei øydemark av seks meter store bokstavar som blir flytta rundt. På ei og same tid illustrerer dei utbomba bygnader og ulike ord som gir scenane tilleggstydingar eller overskrifter. Utgangspunktet, og eit stikkord for framsyninga, er ordet FRIDOM. Men bokstavane, skapte av bildekunstnar Lars Ø Ramberg, kan stokkast om, og på den måten bli til FRI, DOM, MORD eller ORD, som gir nye assosiasjonar.

- For meg er fridom å kunne gjere det eg har lyst til. Både fysisk og mentalt. Utan å bli hindra av nokon, seier Amell Basic.
- Økonomisk fridom også, legg han til.

- For meg er fridom å kunne gjere det eg har lyst til. Både fysisk og mentalt. Utan å bli hindra av nokon.

AL og ANGEL blir etter kvart gode venner i stykket. Det er Peiman og Amell også. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Basic har rolla som ANGEL, ein litt naiv og dumsnill fyr, ifølge skodespelaren sjølv. Han har vakse opp utan foreldre og lært seg sjølv overlevingsteknikkar.
- Men han har eit stort hjarte, seier Basic, som tydeleg også har eit godt hjarte for karakteren sin.

Saman med karakteren AL, er han på vandring til Fridomens land, som kanskje ikkje finst, men som dei trur er eit slags paradis.
- ANGEL er liksom kropp, medan AL, som eg spelar, er hjerne. AL kan masse – om kunst, filosofi, musikk og kultur, forklarar Peiman Azizpour.

Ekte kunst

AL treng hjelp av ANGEL med å dra ei kjerre dei fyller opp med kunst som dei reddar med seg på vegen til Fridomens land. På reisa deler han kunnskapen sin med ANGEL. Kanskje han da lettare vil komme over grensa? Om han passar inn? Ingen veit kva Fridomens land vil krevje for at dei skal få unnsleppe krigens redslar.

ANGEL og AL samlar kunst. På bildet er måleri av Odd Nerdrum og Hanne Borchgrevink. Foto: Dag Jenssen.

Kunsten dei samlar er ekte kunst av store norske namn som Odd Nerdrum, Per Ung og Frans Widerberg. Den må bli handtert ytst varleg, med kvite hanskar og nennsam hand.
- Det er første gongen det er ekte kunst med i ei teaterframsyning på ein norsk scene, seier Basic.
- I tillegg til ekte kunst, er det jo ekte utlendingar også, eller ekte flyktningar, seier Azizpour, og smiler litt medan han gløttar bort på skodespelarvennen Basic.

Det å vere på flukt, er nemleg noko dei begge har erfaring med. Det å kjenne krigen på kroppen, er noko dei ber med seg.

Å passe inn

Peiman Azizpour har kurdisk bakgrunn, og kom til Noreg frå Kurdistan via Tyrkia som 17-åring, i 2012. Amell Basic har bosnisk bakgrunn frå Bosnia-Herzegovina og kom til Noreg under Balkan-krigen da han var 5-6 år i 1994.
- Eg kjenner meg igjen i det AL er oppteken av, det å ønske å passe inn dit du kjem, forklarar Azizpour, litt meir alvorleg.

- Kva krevst for å komme inn i Fridomens land? Kva hadde eg med meg da eg kom til Noreg som ungdom? Kva var meg, og kva tilpassingar måtte eg gjere for å bli akseptert? Eg hadde jo eit anna språk, ein annan kultur og ein annan måte å tenkje og snakke på, fortel han.
I oppveksten i Aust-Kurdistan/Iran opplevde han og familien, i lag med resten av den kurdiske befolkinga å bli undertrykte, og fekk til dømes ikkje bruke sitt eige språk fritt eller utøve eigen kultur. Så Azizpour veit også kva det vil seie å leve utan ytringsfridom.

Kva var meg, og kva tilpassingar måtte eg gjere for å bli akseptert?

Peiman Azizpour. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Amell Basic, som har lytta til det kollegaen deler, er usikker på om det han har med seg av minne i kroppen er noko han kan bruke på scenen.
- Men eg hugsar den grunnkjensla. Alarmar som gjekk av. At dei vaksne var redde, men forsøkte å skjule det for oss barna.
- Å vere flyktning er noko veldig, veldig sårbart, tenkjer eg. Det er mot din vilje, seier Azizpour, og legg til at replikken Fridomen må betalast dyrt, er hans favorittreplikk i stykket.

Ja, kva er fridom?

Men om verda hadde gått under, eller krigen hadde truga igjen, så er dei ikkje i tvil om kva dei ville ha gjort:
- Eg trur nok eg ville prøvd så godt eg kunne å verne om meg og mine, svarar Basic.
- Eg er nok ein krigar. Eg ville kjempa, seier Azizpour.

Peiman Azizpour og Amell Basic bak scenen. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

- Men kva er det eigentleg? Dette Fridomens land?
- Ja… Er det ein plass, eller er dei ei kjensle? spør dei to, og har ikkje svar.
- Men det eg håpar at folk vil sitte igjen med, det er nettopp å grunne på denne fridomen vi snakkar om, seier Azizpour.
Han viser til at det er mange omstende ute i verda for tida som trugar både demokrati og fridomen til oss menneske.

- Alt som skjer ute i verda med Gaza, Sudan, Kurdistan, for eksempel… Det er krig over alt, seier Azizpour.
- Og Trump, skyt Basic inn.
- Ja, svarar Azizpour og tek ein pause.
- Kva er fridom? Ein får ikkje heilt svar, seier Basic.

Kollegaen forsøker seg likevel på eit svar, som kan vere ein viktig påminnar for oss som bur i trygge Noreg:
- Det kan også bety dei du har rundt deg. Fridom kan vere det du har i kvardagen din. Det håpar eg da, at publikum går ut med.

Intervjuet er publisert 14. november 2024.