Bakgrunnsartikkel

Eg er så takknemleg for å kunne gå på jobb! 

For skodespelar Gina Bernhoft Gørvell, som spelar Hedvig i Villanda, har det å gå på jobb blitt som terapi under pandemien. Etter at veninna ho budde med drog til København, er jobben omtrent den einaste staden ho treffer folk.  

Skrive av
Åsne H. Dahl Torp
Åsne H. Dahl Torp
Informasjonskonsulent

Våren 2019 gjekk Gina Bernhoft Gørvell ut frå skodespelarlinja ved Kunsthøgskolen i Oslo. Ho hadde fått jobb ved Det Norske Teatret og gledde seg til å ta fatt på skodespelaryrket, som heile livet både hadde skremt og lokka henne. Mora og faren er begge skodespelarar, bestefaren spelemann og oldefaren kunstmålar. Barndomsheimen på Uranienborg i Oslo var prega av kunst, musikk og teater heile tida. Gina var ofte med mora, Liv Bernhoft Osa, på jobb på Nationaltheatret. I feriane var det huskonsertar i feriehuset på Voss, og rundt bordet var det diskusjonar om kunst og kultur og interessante folk kom stadig på besøk.  

- Eg hadde ei veldig ærefrykt for teateret, samstundes som eg syntest det var enormt fascinerande med teater og film. Men eg var nok eit ganske sjenert barn, og det tok lang tid før eg fann min veg til skodespelaryrket, med tanke på at eg er eit «skodespelarbarn», forklarar den unge skodespelaren gjennom skjermen.    

Gina Bernhoft Gørvell som reporter i Charlie og sjokoladefabrikken, ei av framsyningane som blei avbrote av koronatiltaka som tok til 12. mars 2020. Foto: Erik Berg.

Etter eit Jon Fosse-stykke på Scene 3, var det roller i Charlie og sjokoladefabrikken som stod for tur. Så fekk ho sin første store sjanse som skodespelar, da ho fekk rolla som Hedvig i  Villanda. Framtida som skodespelar såg lys ut. Ho var midt i ei utvikling og byrja å bli tryggare på huset. Framsyninga fekk premiere i januar 2020 til strålande kritikkar, men få månader seinare var det bråstopp. Gina, som har fått haldninga om at ein ALDRI avlyser ei framsyning inn med morsmjølka, gjekk inn i ein periode på snart eitt år der teateret har måtta avlyse framsyningar i fleire omganger. Når det kan opne igjen er det ingen som veit, og det har vore tungt.

Spennande og uvant med strøyming

Derfor er det lystprega å skulle strøyme Villanda, og faktisk nå ut til eit publikum!  
- Først var eg kanskje litt skeptisk til det. Vi skodespelarar er vane med å innrette oss etter teaterrommet og folka som er i det rommet. Når det er direktestrøyming anar vi ingenting om omstenda rundt dei som ser på, det er litt skummelt! ler Gina. Kanskje ho ser for seg at nokon vaskar opp eller bretter klede medan dei ser teater. Et middag. Eller kanskje sit i sofaen med ein kopp te.  
- Så er det jo veldig flott at folk på andre sida av landet kan få sjå, at vi kan gle nye tilskodarar, har ho innsett.  

Hedvig i Villanda som svartkledd og mistilpass ungdom. Foto: Pernille Sandberg.

Men sjølv om salen var tom, var nervane på plass da framsyninga blei strøymd første gongen i desember, det kjentest rett ut som ein ny premiere. 
- Villanda er jo ikkje laga for kamera frå botnen, det er teater, men vi har gjort nokre justeringar. For eksempel treng ein ikkje den same stemmebruken og dei veldig store faktene, forklarar ho. 
- Det er også rart å spele for så mange – så eg prøver ikkje å tenke på kor mange som ser på. Da blir eg litt svimmel!   

Fokus på Hedvig

I denne versjonen ønskte regissøren, Lars Erik Holter, at fokuset skulle vere på Hedvig, at publikum skulle sjå historia frå hennar vinkel. Manus måtte bli omarbeidd og komprimert. Ikkje berre det, språket måtte også bli modernisert. Det måtte mange strykingar til. Heile første akta rauk. Snart stod Gina igjen med nesten ingen replikkar i rolla som Hedvig.  
- Det var ei stor utfordring når vi tok vekk så mange av replikkane, seier Gina, som ber same namn som mora hennar i stykket, Gina Ekdal. Gina Bernhoft Gørvell tok det ikkje så tungt det at replikkane forsvann, men ho medgir at det blei ei stor prøve for henne som skodespelar: 
- Da blei jo lyttinga til Hedvig ein stor del av tolkinga. Det er vanskeleg å spele nokon som ikkje får sagt det dei vil, som ikkje finn dei rette orda, meiner Gina.  
Hedvig er til stades i scenebildet nesten heile stykket. 
- Ho er ein litt inneslutta tenåring, det er mykje som skjer inni henne, og dei vaksne er ikkje så flinke til å vende seg til henne.   

Eit av Hedvigs foto av Gergers Werle (Gard Skagestad). Fotografen er eigentleg Pernille Sandberg.

Villanda i kjapp-versjon

Ein kjapp rekapitulasjon av  Villanda, eit av Henrik Ibsens mest kjende skodespel, for dei som treng det (røpe-åtvaring for dei som ikkje veit handlinga og ikkje heller vil vite!): Hjalmar Ekdal er gift med Gina Ekdal. Dei har tenåringsdottera Hedvig i lag. Hjalmar arbeider som fotograf, og er ganske gjennomsnittleg god i yrket sitt, kanskje til og med middelmåtig. Ein dag kjem ungdomsvennen Gregers Werle på besøk, han som meiner at alle løgner må fram i lyset, og at menneske blir lykkelegare av å vite sanninga. Det kjem for ein dag at det erb Gregers Werles far, Grosserer Werle, som er den eigentlege faren til Hedvig. Det viser seg at Grossereren har hjelpt familien Ekdal både med leilegheit, jobb og pengar heile vegen, i ein stille avtale med Gina. Når Hjalmar får vite at Hedvig ikkje er den biologiske dotter hans, at han lever på Grossererens nåde, ja at heile livet hans er basert på ei løgn, så vil han ikkje vite av stakkars Hedvig. Da er det at Gregers  Werle kjem med det skjebnesvangre forslaget til Hedvig om at ho skal ofre villanda for å vise sin kjærleik til Hjalmar.  

Fotografi som språk

I regissør Holters versjon ønskte han at publikum rett ut skulle få sjå framsyninga gjennom linsa til Hedvig, så han hyrte inn fotograf  Pernille Sandberg til å ta bilda som skal vere Hedvig sine eigne i framsyninga. Fotografia skildrar eit indre som både er skjørt og i opprør på ei og same tid – litt som ein tenårings indre ofte er. Bilda er også Hedvig sin måte å kommentere handlinga og menneska rundt seg på.  
- Fotograferinga er ein stor del av hennar språk, og ho utforskar både sin eigen identitet og omgivnadene gjennom fotoet. I familien Ekdal er det nok Hedvig som er den eigentlege kunstnaren, meiner Gina.  
- Ho har eit auge, ho lyttar og ser, forstår meir enn kva dei vaksne trur. Ho har ein veldig stor kjærleik til foreldra sine, men har sterke ungdomskjensler som tynger ho og gir henne ein form for einsemd, tenkjer eg.  
- Eg trur dette treffer mange unge, seier Gina.  
Villanda blei også nominert til Heddaprisen for beste teaterframsyning for ungdom, men vann prisen for beste scenetekst for omarbeidinga av manus.   

Hedvig leikar mykje med å iscenesetje seg sjølv gjennom fotografi. Alle foto er eigentleg tatt av fotograf Pernille Sandberg.
Hedvig leikar mykje med å iscenesetje seg sjølv gjennom fotografi. Alle foto er eigentleg tatt av fotograf Pernille Sandberg.

Å spele for tom sal

Når Gina blir intervjua gjennom den digitale plattforma Teams, er det berre to dagar til den andre premieren ho skal spele framfor ein sal utan publikum, premieren på Om sjølvmordets anatomi. Nok ei framsyning med ein heller dyster tematikk, der Gørvell fyller ikkje mindre enn seks ulike roller.  Sist premiere stod ho på Hovudscenen i Tolvskillingsoperaen i november. I salen, som til vanleg kan romme 750 publikummarar, sat teatersjefen og direktøren. Ingen andre. På scenen stod eit fullsett orkester og ni skodespelarar.  
- Det var veldig spesielt. Det å spele teater er jo å spele for eit publikum. Det gir ein ny type uvisse når det ikkje sit nokon der som responderer på det vi gjer, seier skodespelaren, men legg til at det fekk ei slags premierekjensle likevel.
- Vanlegvis gler ein seg til nokre dagar fri etter premieren – men berre tanken på å sitte meir heime aleine no… seier Gina og blir stille medan ho dreg seg i håret. 
- Det er så godt å komme på jobb og kunne sjå nokon i auga.