Kan sjølvmordstankar, traume og depresjonar gå i arv? Gjennom tre generasjonar kvinner blir sjølvmordets anatomi dissekert med stor menneskeleg innsikt, medkjensle og sår humor. 

Carol, Anna og Bonnie. Mor, dotter og dotterdotter. Alle tre slit med depresjonar og ein sjølvdestruktiv livsførsel. Dramatikar Alice Birch ønskjer å undersøke korleis det påverkar ei ung jente å miste den personen som skal vere hennar sterkaste støtte og vegvisar inn i vaksenlivet, ved sjølvmord. Liva til dei tre kvinnene blir spelte ut på scenen simultant så dei speglar seg i kvarandre. Er det arv som gjer at dei alle kjenner seg dregne mot botnen? Er det livserfaringane? Lagnaden? Eller tilfeldigheiter?

Eg har blitt Verande. Og Verande 
Så lenge eg har vore i stand til det. 

Om sjølvmordets anatomi  reiser ei rekkje spørsmål, men gir få svar om kvifor familien er heimsøkt av psykisk sjukdom. Kan livssmerte bli prenta inn i DNA-et vårt? Og kan ein springe ifrå ho?

Carol slit med depresjon og sjølvmordstankar. Men ho vil halde ut så lenge ho kan.
Carol slit med depresjon og sjølvmordstankar. Men ho vil halde ut så lenge ho kan.
Anna er dotter til Carol, og har store sjelelege sår etter moras psykiske sjukdom og sjølvmord.
Anna er dotter til Carol, og har store sjelelege sår etter moras psykiske sjukdom og sjølvmord.
Bonnie kjenner tyngda av arven frå dei to generasjonane over. Både mora og bestemora tok livet av seg.
Bonnie kjenner tyngda av arven frå dei to generasjonane over. Både mora og bestemora tok livet av seg.
Korleis skal ho klare å leve med redsla for at det same skal skje med henne sjølv og hennar barn?
Korleis skal ho klare å leve med redsla for at det same skal skje med henne sjølv og hennar barn?

Finn ut meir