Villanda
av Henrik Ibsen
Hedvig er fjorten år og kjenner seg annleis. Gjennom kameralinsa forsøker ho å oppnå kontakt med både seg sjølv og omverda, men bilda gir henne berre ei enda sterkare kjensle av ikkje å høyre til. Ho ser ikkje lenger seg sjølv, berre andre rundt seg. Kven er eigentleg Hedvig bak filter og all sminka?
I denne versjonen av Ibsens Villanda ser vi stykket frå Hedvigs synsvinkel. Ungdomsopprøret hennar er ikkje høglydt og utagerande. Hedvig gjer som ho blir fortald. Ho observerer, ho oppdagar og ho fotograferer. Etter oppveksten i fotostudioet til foreldra, er ho fortruleg med lyssetjing og kameravinklar. Ho bildelegg kvardagen og sine eigne sinnsstemningar under stadig tjukkare lag med sminke.
Flyktar inn i fotografiet
Regissør Lars Erik Holter ønskjer å nytte Ibsens velkjente tekst til å forske i forholdet mellom tenåringsjenta Hedvig og foreldra hennar, dei som er så glade i henne, men som likevel ikkje klarer å nå inn til henne. Dei tafatte forsøka på å overstige generasjonskløfta er like mislykka frå begge kantar. Hedvig har ikkje språk, eller verktøy til å omsette kjenslene i handlingar. Ho flyktar inn i fotografiet og prøver å formidle ei uro gjennom eksponeringar. Men korleis kan foreldra eigentleg respondere på ungdomsjentas ytringar? Er det så enkelt å forstå, eller å nå inn til dottera som sjølv ikkje kan sette ord på uroa. Eller har dei kanskje nok med sine eigne utfordringar når ikkje livet går heilt som dei hadde håpa?
«Gripende og moderne Vildanden»
«vellukka Villand»