Bakgrunnsartikkel

Dramatikar Marius von Mayenburg

Tyske Marius von Mayenburg blir rekna mellom Europas mest interessante dramatikarar, er omsett til over 30 språk og har vunne ei rekke teaterprisar.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Marius von Mayenburg er også forfattar, regissør og omsetjar, og slo igjennom som dramatikar med Flammefjes i 1997. Mellom stykka han har skrive og som er sett opp over heile Europa, også i Noreg, er Flammefjes, Det kalde barnet, Den stygge, Pang!, Et stykke plastikk og Eks. Ellen Babić er hans siste stykke. Det er blodfersk samtidsdramatikk, og hadde urpremiere for berre eitt år sidan på nasjonalteateret på Island.

Tekstane til Mayenburg er kjenneteikna av svart humor, snerten dialog og ein brutal ærlegdom. Han har sjølv omtalt verka sine som ei slags offentleg dagbok. Han er blitt kjent som ein virtuos i å avkle den moderne middelklassen den vellykka fasaden deira og belyse blindsonene dei har for eigne privilegium. Dei er rike på kulturell kapital, og er sjølvsikre på at dei har det "rette" meiningane. Men klarer dei alltid å leve opp til eigen standard?

Klasse, kjønn og makt

Ellen Babić er del av Mayenburgs trilogi kalla Lockdowntrilogien, som også består av stykket Egal og Eks, som blei sett i scene av regissør Peer Perez Øian på Det Norske Teatret i 2022. Her leikar Mayenburg seg med den psykologiske thrilleren, i tett slektskap med nordiske storleikar som Ibsen, Norén og Bergman. I Ellen Babić dissekerer han klasse-, kjønn- og makt-hierarki vi kanskje ikkje er oss sjølve så bevisste, og viser kor skjør maktbalansen kan vere når sanninga kjem for ein dag.

Artikkelen er publisert 19. november 2024.
Toppfoto: Jorri