Bakgrunnsartikkel

Det Multinorske har gitt mangfald på lerret og scene

Idet kull nummer tre går ut av Det Multinorske kan vi trygt slå fast at prosjektet har gjort ein forskjell for mangfaldet på norske scener. – Dei fleste teatera i landet har hatt ein av studentane våre på scenane sine, seier teatersjef Erik Ulfsby.

Skrive av
Trine Andersen
Trine Andersen
Frilansjournalist

Også i norsk TV- og filmproduksjon har skodespelarane frå Det Multinorske i høg grad sett spor etter seg.

Leiar for studiet, Eirik Nilssen Brøyn, peikar òg på kor viktig denne utdanninga har vore for den framtidige rekrutteringa til skodespelaryrket.

– Ein del av dette prosjektet har vore å få fram andre søkjarar til skodespelaryrket enn dei etnisk norske, ikkje berre til dette prosjektet, men også til andre utdanningsinstitusjonar. Og det føler eg at har skjedd. Eg trur Det Multinorske har vore skjerpande for heile teatermiljøet, seier Nilssen Brøyn.

At det blei ein eigen teaterskule internt på huset, var i god Det Norske Teatret-tradisjon. Teateret har hatt teaterskule tidlegare, og mange av dei eldre skodespelarane i dagens ensemble har fått utdanninga si der.

Dessutan var elevskulen ei slags redefinering av den opphavlege oppgåva til teateret, påpeikar Alfred Fidjestøl i boka «Trass alt» om dei første 100 åra til Det Norske Teatret.

– Det Norske Teatret var eit innflyttarteater, det var eit teater som hadde utvida rommet og førestillingane om av kva hovudstaden var og skulle vere. Ei synleggjering av at Oslo no lenge hadde vore ein etnisk samansett og mangfaldig by, var ei naturleg vidareføring av dette prosjektet, skriv Fidjestøl.

Tanken bak Det Multinorske har vore å skulere skodespelarar med innvandrarbakgrunn og gi dei ei fullverdig, treåring teaterutdanning som fører fram til ein bachelorgrad. Utdanninga blei etablert i samarbeid med Nord Universitet.

Familiebakgrunn og norskkunnskapar

Studentane ved Det Multinorske har alle hatt familiebakgrunn utanfor Europa. Det har òg vore eit kriterium at dei har beherska norsk som talespråk. Det handlar ikkje berre om å kunne gjere seg forstått på scenen, men òg om tekstforståing.

– Vi har ikkje hatt som krav at dei må snakke korrekt norsk, men dei må kunne beherske språket. Vegen ville ha blitt for lang dersom vi skulle ha lagt inn at dei skulle lære seg språket òg i løpet av dei tre åra, seier Eirik Nilssen Brøyn.

Han seier at blant dei som søkte til det første kullet i 2012 var det mange som ikkje beherska norsk godt nok til å bli tatt med i vurderinga.

– Men det forsvann til andre søkjarrunde. Det var blitt meir kjent at det var eit krav. Det var òg færre i den andre søkjarrunden som absolutt ikkje hadde noka erfaring med teater eller å stå på ein scene.

Studentane har sjølvsagt måtte nytte nynorsk som scenespråk. Det har vore ei utfordring, men alle har lært raskt og tilbakemeldinga har vore at dei har blitt glade i nynorsk. Huset har ein eigen språkkonsulent, og dei første to kulla fekk òg eit eige nynorskkurs, noko dessverre pandemien sett ein stoppar for då turen var kommen til det siste kullet.

Leiar for studiet, Eirik Nilssen Brøyn.

Brøyn seier han er stolt av det arbeidet som er gjort og kva Det Multinorske har fått til. Han peikar mellom anna på at arbeidstilhøva er blitt mykje betre for skodespelarar med innvandrarbakgrunn.

Brøyn var på slutten av 2000-talet leiar for Teaterhøgskolen og fortel at av ein søkjarmasse på rundt 800 var det to som hadde ein annan bakgrunn enn etnisk norsk.

- Det å klare å nå opp som ein av dei åtte-ti som skulle bli tatt inn, det seier seg sjølv at dei ikkje hadde nokon fair sjanse. Samtidig, når dei drog på teater, var det grunn til å spørje: Kvar er arbeidsmarknaden for meg? Kvar kan eg få jobb når eg ser at det berre er dei med norske foreldre som står på scenen?

Brøyn seier at dette var ei problemstilling som blei tatt tak i òg den gongen, men at det var vanskeleg å få noko til å skje når det ikkje var fleire søkjarar. Derfor var det så viktig at Det Multinorske blei etablert.

- Dei som søkte hos oss var trygge på at det var ein av dei vi ville ha. Det var fleire av dei som kom inn som ikkje hadde brydd seg med å søkje andre teaterutdanningar fordi dei ikkje følte at det var ei dør som stod open for dei.

Vellukka kombinasjon

Med årets kull er 14 skodespelarar utdanna ved Det Multinorske. Studentane har komme frå heile landet. I første kull var rett nok dei fleste frå Oslo-området, men i kull to og tre har det vore studentar både frå Sandnes, Bergen, Nes på Romerike, Tromsø og Grue.

Og at dei har fått utdanninga si på eit levande teater, har nokre klare fordelar, understrekar fleire av elevane. Dei av skodespelarane på teateret som har undervisningserfaring, til dømes frå Teaterhøgskolen i Oslo, har vore brukt som lærarar.

- Det betyr at studentane i ein periode har dei som lærarar, for så å sjå dei i ei stor rolle på Hovudscenen. Det er klart at det gir ein heilt annan nærleik enn på ein ordinær utdanningsinstitusjon, seier «rektor» Brøyn.

Dei må som andre tole stoppunkta.

I tillegg til å gi studentane eit nettverk, blir òg studentane kjende med folk i alle avdelingar på teateret og ser korleis dei fungerer.

- Det Norske Teatret har òg vist tidlegare at det å kombinere eit profesjonelt hus som dette med å ha eit utdanningstilbod er ein god kombinasjon dersom det blir gjort riktig, seier Brøyn.

I kor stor grad studiet har vore ein suksess, kan enklast bli målt i kor ettertrakta studentane har vore og kor enkelt det har vore å få jobb etter å ha gått ut av skulen.

- Alle har fått jobbar etter å ha gått ut herifrå, nokre i lengre periodar, andre i kortare. Skodespelarmarknaden i Noreg er jo tøff for alle. Ein kan vere ettertrakta i ein periode, så dabbar det av, for så å ta seg opp att. Dette er òg noko vi har førebudd studentane på. Dei må som andre tole stoppunkta.

Brøyn seier at studentane etter utdanninga har fått jobbar både i teater, film og TV. Uteksaminerte frå dei to første kulla har mellom anna vore å sjå på Kilden Teater og Konserthus, Hordaland Teater, Den Nationale Scene, Sogn og Fjordane Teater, Oslo Nye Teater, Brageteatret, Riksteatret, Det Norske Teatret og i film, tv og radio.

Har endra haldningar

Og skodespelarane frå Det Multinorske har verkeleg blitt lagt merke til. Mimmi Tamba, som var student i det andre kullet, blei i 2019 nominert til Heddaprisen for beste kvinnelege medspelar for rolla som Girl i Bowie-framsyninga Lazarus på Det Norske Teatret.

Høyr et utdrag frå Lazarus her:

Sara Khorami, som var student i det første kullet, vann i 2020 Gullruten for beste birolle i TV 2-dramaserien Heksejakt. Khorami er no fast tilsett på Det Norske Teatret, og sat i juryen då det tredje kullet til Det Multinorske skulle veljast ut. Ho var svært imponert over kvaliteten på søkjarane. Det var vanskeleg å velje kven som skulle komme inn, seier ho.

Sara Khorami hadde tittelrolla i Antigone på Hovudscenen på Det Norske Teatret i 2018. Foto: Erika Hebbert.

Khorami er ikkje i tvil om at Det Multinorske har ein stor del av æra for at bransjen har blitt meir bevisst på at teater, film og TV må spegle samfunnet vi lever i.

– Det Multinorske har betydd enormt mykje for mangfaldet både i film og teater. Institusjonsteatera har begynt å tilsetje fleire med annan etnisk bakgrunn, og fleire blir òg tatt opp på Teaterhøgskolen. Det har sjølvsagt òg mykje å seie at det har blitt fleire å velje mellom. Det har blitt meir fokus på kor viktig det er, og det har igjen smitta over på filmbransjen.

I fjor haust hadde Sara den første hovudrolla si i ein film, Ingenting å le av, der ho speler mot Odd-Magnus Williamson.

– Då eg prøvefilma for den opplevde eg for første gong at det skjedde saman med andre etniske nordmenn. Og eg reknar med at eg fekk rolla fordi eg passa til prosjektet, uavhengig av hudfarge. Her trur eg Det Multinorske har spelt ei viktig rolle for å få til ei haldningsendring. For nokre år sidan ville truleg ein etnisk kvit skodespelar fått rolla.

Eirik Nilssen Brøyn peikar på det same:

– For studentane ved Det Multinorske har det vore viktigast å vere ein god skodespelar og kunne konkurrere på lik line med andre. Men det ligg jo eit dilemma her òg. Vi gjer jo dette prosjektet fordi vi vil skape ei endring, og der studentane er verktøyet for denne endringa. Men eg trur vi har komme over den terskelen, og at ein av dei største suksessane våre er at studentane ikkje endar i eit arbeidsfelt der dei berre skal representere det framande. Dei går inn i jobbar der det er fargeblindt. Og når dei veit at dei får jobbar fordi dei er gode skodespelarar, er det òg lettare å representere.

Fakta om Det Multinorske

• Treårig utdanning for skodespelarar med familiebakgrunn utanfor Europa
• Utdanninga er ei fullverdig utdanning på lik line med dei andre statlege teaterhøgskulane i Noreg og Norden og leiar til ein bachelorgrad i skodespelarfaget
• Starta i 2012 – samarbeid mellom Det Norske Teatret og Nord Universitet, men undervisninga er i hovudsak lagt til teateret
• Målet har vore å gjere scenekunstfeltet i stand til å byggje ensemble som speglar det moderne Noreg
• Opptak kvart tredje år
• Tre kull med i alt 14 studentar utdanna (2012-15, 2015-2018, 2018-2021)
• Går no over i fase 2 der målet er å utdanne regissørar og scenografar

Ny fase

Etter ni år og tre kull, går Det Multinorske no inn i ein ny fase. Opphavleg var tanken å uteksaminere to kull med skodespelarstudentar. Utdanninga har fått midlar frå Kulturdepartementet, men blei langt frå fullfinansiert. Likevel valde teateret å satse på ytterlegare eit kull.

– Det var aldri meininga at dette skulle vere eit permanent prosjekt. Så at vi no ikkje tar inn eit nytt kull med skodespelarstudentar, betyr ikkje at vi avviklar Det Multinorske. Vi tar det no inn i ein ny fase, til ein del 2. Denne gongen handlar det om å utdanne regissørar og scenografar. I desse faga er mangfaldet så å seie fråverande, og det er avgjerande at vi får ei endring òg i denne yrkesgruppa, seier Erik Ulfsby.

Teateret kjem no til å leite etter samarbeidspartnarar for å kunne etablere eit bachelorstudium etter modell av Det Multinorske. Ambisjonen er å starte ei solid, attraktiv og banebrytande utdanning slik at alle ledd i ein teaterproduksjon speglar samfunnet rundt seg.

Varige endringar tar tid, og då er det viktig både å vere tolmodig og utolmodig på ein gong, understrekar Ulfsby.

Arbeidet som er gjort har òg gitt resultat i skodespelarstaben ved Det Norske Teatret. I 2021 har 18 av ein stab på 105 skodespelarar fleirkulturell bakgrunn, det vil seie 17 prosent av ensemblet. Slik var det ikkje då utdanninga starta opp i 2012.

Som Alfred Fidjestøl skriv i «Trass alt»:

«I 2010, 2011 og 2012 hadde det norske folket røysta fram artistar med innvandrarbakgrunn som Noregs bidrag til den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen. På fotballandslaget heitte stjernene Abdellaoue, Elyounoussi, King og Carew, og Stortingets visepresident heitte Aktar Chaudrey og kom frå Pakistan. På Det Norske Teatret heitte dei framleis Svein og Sverre og Gjertrud.»

Arbeidet med repertoaret har òg blitt enklare for teatersjefen når han har ein meir mangfaldig stab å velje frå.

– Det er viktig å ha eit ensemble som kan fylle alle moglege roller, og som kjennest relevant i dagens Noreg, seier teatersjefen, som samanfattar den første delen av prosjektet sitt slik:

– Det har verkeleg blitt eit eventyr og har overgått alle forventningane mine. Det har òg vore kjempegøy å sjå kor engasjert ensemblet har vore. Dette er noko heile huset har vore stolte av å få vere med på.

Judy Nyamburah Karanja (uteksaminert 2015) som Dovregubben i Peer Gynt i 2018..
Judy Nyamburah Karanja (uteksaminert 2015) som Dovregubben i Peer Gynt i 2018..
Elias Mansoui, Marianne Hetland og Christian Eidem i eksamensframsyninga Vonde soger, våren 2021.
Elias Mansoui, Marianne Hetland og Christian Eidem i eksamensframsyninga Vonde soger, våren 2021.
Kadir Talabani (uteksaminert 2015) som tittelrolla i studentproduksjonen Platonov.
Kadir Talabani (uteksaminert 2015) som tittelrolla i studentproduksjonen Platonov.
Mona Huang i eksamensframsyninga Universum, våren 2021.
Mona Huang i eksamensframsyninga Universum, våren 2021.

Har fått pris

Og innsatsen blir sett pris på. Nyleg fekk Det Norske Teatret pris frå Norsk Publikumsutvikling for det langsiktige mangfaldsarbeidet. Prisen blei passande nok delt ut på Rommen Scene. Her er prisgrunngjevinga:

– Det Norske Teatret er vinner av NPU-prisen i kategorien «Utvider» for det langsiktige, strategiske, og dedikerte arbeidet med å gjøre teaterkunsten relevant og tilgjengelig for personer og grupper utenfor det etablerte teaterpublikummet i hovedstaden, særlig personer og grupper med flerkulturell bakgrunn og erfaringshorisont, og særlig gjennom satsingen på det Multinorske og etableringen av DNT på Rommen, men også for den digitale satsingen som i tillegg til å ha gjort det mulig å delta smittefritt under pandemien, beviselig senker tersklene for å besøke dere for første gang, og inkluderer personer med funksjonsvariasjonver som ellers har utfordringer med å delta. Juryen er imponert over den «stamina» dere utviser i mangfoldsarbeidet - det er åpenbart ikke en «add-on». Et mangfoldig publikum synes å være en kunstnerisk drivkraft for Det Norske Teatret.

Studentkulla ved Det Multinorske

2012-2015
Sara Khorami
Judy Nyambura Karanja
Kadir Talabani
Thomas Bipin Olsen

2015-2018
Catharina Vu
Mimmi Tamba
Amina Sewali
Kidane Gjølme Dalva
Emil Rodrigo Jørgensen
Peiman Azizpour

2018-2021
Marianne Hetland
Mona Huang
Elias Moussaoui Anseth
Christian Mark Bakke Eidem