Bakgrunnsartikkel

Sara Khorami

– Utdanninga har endra livet mitt. Det var enormt formande å få vere del av eit teater medan eg fekk utdanninga mi. Vi såg teater heile tida, hadde lærarar som var skodespelarar. Det var ei fantastisk tid.

Skrive av
Trine Andersen
Trine Andersen
Frilansjournalist

Sara har hatt ein svært allsidig karriere etter at ho gjekk ut av Det Multinorske. Ho har spelt både teater, film og TV. I juni i fjor fekk ho den første prisen sin - Gullruta for beste birolle i TV 2-serien Heksejakt. Og i fjor haust hadde ho den første hovudrolla si i ein film, Ikkje noko å le av, der ho speler mot Odd-Magnus Williamson.

Sara Khorami (33) er oppvoksen i Bærum, og har foreldrer frå Iran - 1. kull, 2012-2015. I dag er ho fast tilsett i ensemblet ved Det Norske Teatret.

Sara seier at Det Multinorske har betydd alt for karrieren hennar. I tillegg til å vere ei solid og god utdanning, gav Det Multinorske henne òg eit nettverk, som har vore med å opne dører vidare i karrieren.

Etter at ho gjekk ut av Det Multinorske i 2015 har ho òg hatt ei rekke roller på Det Norske Teatret. Berre to år etter enda utdanning fekk ho tittelrolla i Sofokles' klassiske drama Antigone, og har òg spelt Solveig i Peer Gynt. I 2019 kunne ho gle seg over fast tilsetjing ved teateret.

– Eg har vore veldig heldig som har fått tøye og bøye meg i mange roller på Det Norske Teatret.

At ho skulle bli skodespelar, var ikkje noko ho drøymde om i oppveksten. Rett nok var det mykje musikk heime og ho dansa både jazz- og klassisk ballet. Mora tok henne òg med på barneteater i Bærum. Men at det var mogleg å jobbe som skodespelar, var ikkje i tankane hennar.

– Eg tenkte at eg skulle bli psykolog eller kanskje aerobicsinstruktør.

Men så blei det skodespelar likevel. Før Det Multinorske gjekk ho eitt år på skodespelarlinja på den private skulen Norsk Institutt for Scene og Studio. Ho gjekk ut derfrå i 2010 og to år etter blei ho som ein av fire tatt opp ved det første kullet på Det Multinorske.

Sara som Eva i Den knuste krukka av Heinrich von Kleist, 2019.
Sara som Eva i Den knuste krukka av Heinrich von Kleist, 2019.
Som veslejenta Lucy i Herr Marmelade av Noah Haidle, 2016.
Som veslejenta Lucy i Herr Marmelade av Noah Haidle, 2016.
Det har visst vore ein episode av Chris Thorpe, 2017.
Det har visst vore ein episode av Chris Thorpe, 2017.
I Tilnærma lik av Jonas Hassen Khemiri, 2016.
I Tilnærma lik av Jonas Hassen Khemiri, 2016.