Bakgrunnsartikkel

Elias Moussaoui Anseth

– Åra på Det Multinorske har så absolutt innfridd forventningane mine. Det har vore utfordrande, men på ein god måte.

Skrive av
Trine Andersen
Trine Andersen
Frilansjournalist

– Eg har heile tida måtte utfordre meg sjølv og gjere ting som eg i utgangspunktet synest er vanskeleg eller skummelt, og slik skal det jo vere på ein teaterskule.

Samtidig har det vore veldig stort å vere i same huset som forbilda mine. Og ikkje minst nyttig. Eg har fått masse gode råd og tips av skodespelarane på Det Norske, ikkje minst når eg no har søkt jobbar.

Elias Moussaoui Anseth (22) – frå Nes på Romerike, har far frå Algerie og mor frå Noreg – 3. kull, 2018-2021.

Elias har allereie sikra seg jobb på Teatret Vårt frå hausten av, så no blir det flytting til Vestlandet.

Teater har han vore interessert i sidan han var liten. Allereie på barneskulen begynte han på barneteateret i Årnes, så blei det dramaline på Lillestrøm vidaregåande og teaterline på Romerike folkehøgskole.

– Medan eg gjekk på vidaregåande i Lillestrøm, reiste eg til Oslo kvar veke for å sjå teater. Eg trur eg så alt som gjekk på Det Norske Teatret. Det var «mitt» teater, så det var stort for meg å jobbe der. Eg hugsar at etter at venane mine og eg hadde sett framsyningar på Det Norske Teatret, gjekk vi rett til veggen der portretta av alle skodespelarane heng, og snakka om kor stas det hadde vore å få lov til å henge på veggen saman med forbilda våre. Men eg hadde jo ikkje drøymt om at det skulle skje så raskt.

Frå eksamensframsyninga Vonde Soger, basert på P¨r Lagerkvist, 2021.
Frå eksamensframsyninga Vonde Soger, basert på P¨r Lagerkvist, 2021.
Frå Vonde soger.
Frå Vonde soger.
Frå Shakespareprosjekt under studietida.
Frå Shakespareprosjekt under studietida.
Frå studentproduksjon av Eit dukkehjem, 2019.
Frå studentproduksjon av Eit dukkehjem, 2019.