Bakgrunnsartikkel

Peiman Azizpour

Han kom til Noreg og Bergen i 2012, og berre tre år etter blei han tatt opp i det andre kullet på Det Multinorske.

Skrive av
Trine Andersen
Trine Andersen
Frilansjournalist

Eg er veldig takksam for at eg fekk plass på Det Multinorske. Det er jo starten på alt eg har fått til som skodespelar, seier Peiman.

Han kom til Noreg og Bergen i 2012, og berre tre år etter blei han tatt opp i det andre kullet på Det Multinorske. Bergensk hadde han lært seg på rekordtid, og når ein snakkar med han i dag, er det neste umogleg å høyre at han ikkje er fødd i vestlandsbyen.
– Skulle eg bli skodespelar, måtte eg jo lære meg språket, seier han.

For skodespelar ville han bli. Det hadde han visst sidan han var 11 år. Tips om Det Multinorske fekk han då gjekk på kulturskulen i Bergen.
– Eg fekk jo litt panikk då eg etter ei stund forstod at eg òg måtte snakke nynorsk, men eg har jo den fordelen som bergensar at eg seier eg og ikkje, så det gjekk bra. Dessutan er eg veldig glad i å lære språk.

Peiman Azizpour (26), frå eksamensframsyninga Nattedogg i 2018. Peiman har kurdisk bakgrunn frå Iran – 2. kull, 2015-2018.

Azizpour har ikkje vore arbeidsledig etter at han gjekk ut av Det Multinorske i 2018. Han har jobba halvanna år ved Den Nationale Scene og har òg hatt engasjement på Det Vestnorske Teatret, begge i heimbyen Bergen. I vinter har han vore på turné med Riksteatret der han har spelt i komedien Pang!, og no ventar Nationaltheatret. Peiman er som ein av sju skodespelartalent tatt inn i prosjektet Nye National, og skal vere ein del av skodespelarstaben ved teateret i eitt år framover. Dessutan var han i praksis på Det Norske Teatret i eitt år etter enda utdanning.

– Det er heilt fantastisk å få jobbe på så mange store teater. Målet mitt då eg starta var å jobba med film, og det har eg framleis lyst til. Men gjennom åra på Det Multinorske har eg blitt meir og meir glad i teater, seier 26-åringen.

Peiman i L.I.F.E.G.O.E.S.O.N av Rolf Kristian Larsen, 2018.
Peiman i L.I.F.E.G.O.E.S.O.N av Rolf Kristian Larsen, 2018.
I eksamensframsyninga Nattedogg av Noah Haidle, 2018.
I eksamensframsyninga Nattedogg av Noah Haidle, 2018.
Nattedogg.
Nattedogg.
Peiman i lag med studeikameratane Emil Rodrigo Jørgensen, Mimmi Tamba, Kidane Gjølme Dalva, Catharina Vu og Amila Sewali den dagen dei kom inn på Det Multinorske i 2015.
Peiman i lag med studeikameratane Emil Rodrigo Jørgensen, Mimmi Tamba, Kidane Gjølme Dalva, Catharina Vu og Amila Sewali den dagen dei kom inn på Det Multinorske i 2015.