Det har vore ein lang reise for 33-åringen. Det heile starta da ho var to år, eit stykke ute på landsbygda, i Singelton (Australia) med ein fiolin!
- Singelton er eit lite industrisamfunn, på storleik med Odda. Ikkje lett å drive med kultur. Eller studere, seier Claudia Cox på bergensklingande norsk med australsk aksent.
Mora var skolert fiolinist og fekk Claudia inn under rettleiing av den anerkjente Shinichi Suzuki-protegéen, Haruo Goto, og ho hadde fullført hele Suzuki-pensumet i en alder av 13 år. Omtrent samtidig la ho opp som turn-utøvar. Fram til da hadde brukt over 30 timar i veka på turn-trening, men no var det fiolin for alle pengane! Og ho flytta til storbyen Newcastle, Australia.
Framføringar av Vivaldis Fire årstider – Sommar, med Suzuki Sydney String Orchestra i ein alder av 11 og Mendelssohns fiolinkonsert i E-moll i ein alder av 13, er framleis høgdepunkta i repertoaret til den spirande fiolinisten i desse avgjerande, formative åra. Den tekniske disiplinen som trengst for å utføre dette repertoaret gav grobotn for Claudias veksande lidenskap for instrumentet, og eit solid grunnlag for ein karriere innan musikk.
Klassisk fiolinist
På vidaregåande skule var Claudia medlem av det anerkjende Knox Abbotsleigh Youth Orchestra (KAYO) og SBS Youth Orchestra. Ho vart også vald ut som solist og orkesterleiar for Loreto Normanhurst Girls' School Music Festival som vart halde i Sydney Town Hall. I hennar siste år på vidaregåande vart Claudia vald ut til HSC Encore-programmet, som viser dei beste musikkprestasjonane frå HSC Music-eksamenar.
2012 fullførte den unge fiolonisten ein Bachelor of Music, med hovudfag i framføring (fiolin) ved University of Newcastle, Australia. Same år vann ho Lake Macquarie Concerto Competition og vart invitert til å framføre ein offentleg solokonsert. I løpet av 2012 reiste Claudia Cox til Italia for å gjennomføre intensive studium med Stephane Tran Ngoc (leiar for strykarar ved London College of Music), og deltok i Performance and Ensemble Master Classes med den anerkjende virtuose fiolinisten Hristo Popov, og dessutan Shirley Givens og Harry Wimmer frå den prestisjetunge Juilliard School.
Men Claudia ville til Europa.
- Eg har alltid hatt lyst til å flytte til Europa. Valet sto mellom Stockholm og Bergen. Ho landa på Vestlandshovudstaden.
Musikk og akrobatikk
I andre halvdel av 2013 flytta Claudia til Bergen for å studere vidare med Ricardo Odriozola ved Grieg Akademiet for å ta det internasjonale diplomet i musikk. Og ho elska Bergen.
- Det er som Australia i miniformat, sier ho.
I 2014 byrja Cox på vidareutdanning og avslutta masterstudiet i anvend musikk i 2016.
- Det er ei konservativ haldning i det klassiske miljøet, eg kjende meg ikkje heime. Så det var vanskeleg å finne min eigen stil. seier Claudia.
Da treffer ho Sonja Schebeck frå det klassiske musikkmiljøet i Australia, og saman skaper dei det Wien-baserte kompaniet Freestyle Orchestra, som får stor suksess i Europa med kombinasjonen akrobatikk og klassisk musikk. Ho tek opp turn-erfaringen frå oppveksten og turnerer internasjonalt.
Claudia Cox og Carmen Boveda ved Griegakademiet med kvartetten Rosella Strings i 2015.
- Det er ei konservativ haldning i det klassiske miljøet, eg kjende meg ikkje heime.
Som fiolinist er blir ho stadig meir allsidig, og byrja å spele i diverse ensemble. Alt frå rockeband, som norske Major Parkinson, til orkester. Ho bryt ut av dei etablerte estetiske rammene for å finne sin eigen kunstnarlege veg. Ho testar ut prog, metal, barokk, alle typer genrer.
Vendepunktet
Men plutseleg slår ho hovudet i ein produksjon i England i 2020, og opplever det ho beskriv som ei nær døden oppleving.
- Dette er bakgrunnen for framsyninga Afterlife, som kjem på Scene 3 i vår.
Resultatet er sjukemelding i eitt år. Men det som kunne ha vore slutten på ein karriere, blir starten på ein ny! Medan ho ligg i ei seng på eit mørkt rom i Oslo og kjenner seg ganske aleine, treffer ho Tobi Pfeil på nettet. Han er einsam i Hamburg. Saman med Tobi skaper ho duoen Only Slime.
- Historia om da vi møtte kvarandre blir seinare framsyninga, Unlimited void, som blei spelt på Scene 3 tidlegare.

Tobi Pfeil og Claudia Cox er den tverrkunstnarlege duoen Only Slime. Foto tatt i stova deira heime.
Som estetisk utgangspunkt tek Only Slime i bruk referansar frå dataspel, anime, film og mote, og vil integrere interaktivt samspel med video, 3D-univers og internettkultur som kreativt verkemiddel. Dei har spilt framsyningar på Black Box Teater, Det Andre Teatret og fleire festivaler. Claudia brenn for digitalt teater og spesielt motion caption, men musikk-karrieren har ho ikkje gitt opp. Claudia har også hyperpop-aliaset Peri Winkle, og lanserer eit album i år. Dette blir eit spennande år for den ferske norsk statsborgaren!
I 2025 er Claudia Cox ein av tre sjefar på Scene 3, saman med Tani Dibasey og Tobi Pfeil. Programmet på Scene 3 vil bestå av nyskapande teaterframsyningar, festar, klubbhappeningar og alt derimellom. Gjengen har eit ambisiøst mål om å reformere teateret, og å nå eit nytt og ungt publikum ved å vaske ut grensene mellom fiksjon og verkelegheit, tilskodarar og deltakarar, realisme og simulasjon...
Foto: Only Slime.
Foto Afterlife: Io Sivertsen
Toppfoto: Only Slime.