Afterlife
Ein dataspelopera
KVA SKJER NÅR DU DØYR?
NÅR VI ER BORTE, KOR GÅR VI?
KVA OM LIVET BERRE ER EIT DATASPEL?
SOM Å BRUKE VR-BRILLE, KANSKJE ER ALT SIMULERT?
IDK.
KVA ER MEININGA MED ALT?
HJELP.
Desse spørsmåla er kjernen i dataspeloperaen AFTERLIFE, ei intens reise inn i det ukjende. AFTERLIFE følger to 3D-avatarar gjennom ei operatisk fantasiverd i underverda, der dei legg ut på ei desperat jakt etter eksistensiell meining. Med sanntid motion tracking og hyperpop-inspirerte autotuna vokalar med elektronikk, styrer utøvarane avatarane sine innfor ein spelemotor, og navigerer landskap inspirerte av Dantes Inferno og Final Fantasy. Etter kvart som karakterane dykkar ned i denne surrealistiske, simulerte verda, står dei overfor dei same tidlause spørsmåla som vi alle møter: Kvifor er vi her? Kva skjer etter døden? Kven - eller kva - styrer lagnaden vår?
AFTERLIFE er forankra i ei svært reell nær-døden oppleving. I 2021 hadde Claudia Cox ei utanfor-kroppen-oppleving under ein akrobatikkulykke. Denne erfaringa inspirerte til å skape denne unike blandinga av iscenesett science fiction og eksistensiell utforsking. Musikken, som hentar inspirasjon frå storleikar som Wagner til Enya sine eteriske tonar, er nøye komponert frå start til slutt. Likevel, akkurat som livet og døden sjølv, kjennest AFTERLIFE uføreseieleg og mystisk.
Framsyninga er utvikla og framført av den tverrfaglege duoen ONLY SLIME (Tobi Pfeil og Claudia Cox).
Les meir...
Kjøp billett
Vel speledato for Afterlife
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar