Herostratos

  • Scene : SCENE 3
  • Pris frå: 215 ,-
  • Premiere: 11. oktober 2017

Å gjere seg udøyeleg.

Kva får tilsynelatande heilt vanlege menneske til å gjere overskridande handlingar?

I år 365 før vår tidsrekning sette ein til da ukjend ung mann ved namn Herostratos fyr på Artemistempelet, eit av verdas sju underverk. Det blir sagt at motivasjonen var å bli kjent. Mannen måtte bøte med livet, og folk i landet bestemte seg for å aldri omtale mannen med namn. Men det ein skal teie om, er gjerne det alle vil tale om, og ironisk nok blei den unge pyromanen opphav til uttrykket herostratisk berømt; det å bli vidgjeten for å ha gjort ein udåd.

Jeg skal reise et byggverk av greiner,
Ugjennomtrengelig En måne Et skjelett

Jeg skal sitte øverst med munnen stappet full av kronblader

 

Frå tapar til sigerherre

Myten om Herostratos er utgangspunktet for Janne-Camilla Lysters poetiske koreografiske partitur. Her undersøker ho kva som ligg til grunn for at nokon kjenner seg ekskluderte frå fellesskapet, og så ønsker å heve seg over alle ved å hemne seg med ei ekstrem handling. Kjensla av utanforskap blir vendt om til ein slags siger. Det å vere på utsida gjer ein spesiell, gir ein styrke. Den herostratiske vil gjennom si forakt for verda vise kor overlegen ho er.

Kjenner vi oss igjen?

Regissør Øyvind Osmo Eriksen grunnar på om ikkje alle typar ekstremistar har trekk frå Herostratos. Det å kjempe for ei større sak kan vere eit vikarierande motiv. Ved ei grufull handling ønsker dei å skrive seg inn i historiebøkene. Herostratos leiter etter det gjenkjennelege i denne mytiske figuren og det han representerer. For er det ikkje noko alment i ønsket om å vere udøyeleg?