Ytring

Vi er klare til å strøyme Bienes historie

Det ville ha vore synd om berre dei 200 publikummarane som er tillate i salen kunne få ta del i ei så ambisiøs, aktuell og spektakulær storsatsing som Bienes historie er, derfor strøymer vi framsyninga - til heile Skandinavia!

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef og regissør for Bienes historie

Vi har vore gjennom ein tøff vår, og går no ein annleis haust i møte. Kulturnæringa har vore hardt ramma i koronaperioden, og framleis er det sterke restriksjonar på utøvinga av verksemda vår. Det ville ha vore synd om berre dei 200 publikummarane som er tillate i salen kunne få ta del i ei så ambisiøs, aktuell og spektakulær storsatsing som Bienes historie er. I løpet av det knappe året som har gått etter at Det Norske Teatret og Nasjonalballetten lanserte musikalen, er nemleg alle teaterseta utselde. Og nokre har opplevd å få endra dato på billetten sin. For denne hausten set store krav til organisasjonen. Det er ekstremt vanskeleg å planlegge, prøve opp og avvikle framsyningar under det rådande smittevernet. Å halde ein oppsett speleplan er nærast umogleg. Vi er smerteleg klar over at denne hausten vil innehalde utsetjingar, avlysingar og uføreseielege hendingar, sjølv om vi arbeider på spreng for å kunne tilby publikum det vi lovar.

Heile fem kamera er i sving for å gi ei best mogleg oppleving for dei som følger Bienes historie via skjerm.

Men vi har også arbeidd intenst for å kunne gjere framsyninga tilgjengeleg for eit større publikum – slik oppdraget vårt er og slik styresmaktene særleg oppmodar til denne hausten. Vi har inngått eit samarbeid med produksjonsselskapet SVAI, som med sine ressursar og solide erfaring skal løfte opplevinga ut av salen og inn i eit format som vi ikkje tidlegare har testa ut. Ein slags hybrid mellom teater og skjerm, mellom fellesskap og smittevern. Fem framsyningar vil i løpet av speleperioden bli direkte overført, og publikum vil kunne sjå framsyninga i eiga stove – uansett kvar i landet dei er. Publikum vil få sjå teater i sanntid, ufiltrert og med alle spenningsmoment som høyrer augeblikkets kunst til. Filmteamet inngår i regien i Bienes historie og skal ikkje berre sende frå stasjonære kamera i salen, men også delta i scenar og samspel på scenen. Som tilskodar vil du kunne ta del i opplevinga på ein ny måte. Dette er ikkje teater i opptak. Det er ikkje redigert, men heller ikkje laga for kamera. Det sit også tilskodarar i salen. Framsyninga blir i tillegg tilgjengeleg i eit langt større geografisk område. Vi kan vise framsyninga ikkje berre i Noreg, men også i nabolanda Sverige og Danmark.

Strøyminga har blitt til i nært samarbeid mellom oss i produksjonen og strøymeselskapet SVAI.

Teater på skjerm kan aldri erstatte møtet mellom sal og scene. Men når restriksjonane er som dei er, tvingar det seg fram andre måtar å dele opplevingar på. Vi ønsker at alle skal få ta del i teaterfellesskapen, anten du har kapra ein av dei 200 plassane i salen, har lang reiseveg, eller berre vegrar deg for å ta bussen hit. Har du kjøpt deg billett til strøyminga, kan du sjølv velje korleis du vil «gå i teateret». Antrekket er valfritt, du kan ete og drikke det du måtte ønske utan å forstyrre nokon, og du kan invitere dei du vanlegvis ville tatt med inn i teatersalen. Sit du i salen i kveld, vil vi også understreke kor glade vi er for at du er med på å skape magien som trengst for at teateret er levande.