Notis

Ofte stilte spørsmål direktestrøyming

Kva er strøyming på Det Norske Teatret?

Direktestrøyming er i sanntid, ufiltrert og med alle spenningsmoment som høyrer augeblikkets kunst til. Som tilskodar vil du kunne ta del i opplevinga på ein ny måte. Dette er ikkje teater i opptak. Det er ikkje redigert, men heller ikkje laga for kamera.

Fundamentet for teater- og konsertopplevinga er som vi veit fellesskapen. Teater og konsert på skjerm kan aldri erstatte møtet mellom sal og scene. Men når restriksjonane er som dei er, tvingar det seg fram andre måtar å dele opplevinga på. I tråd med styresmaktenes forsamlingsavgrensingar vil denne måten å demokratisere scenekunsten bidra til at alle som ønsker kan få ta del i teaterfellesskapen.

Kva kostar det?

Prisen varierer alt etter kva framsyning vi strøymer, er men du finn prisane på vanlig måte ved å leggje ein billett i handlekorga. Vi har to ulike billettar til direktestrøyming; Enkeltbillett og husstandbillett.

Kan eg sjå framsyninga på Facebook?

Nei, framsyninga blir ikkje strøyma via Facebook. Det Norske Teatret har eit event på vår eige facebookside for å minne publikum på direktestrøyminga, men sjølve framsyninga må du logge deg inn på Mi side for å sjå. Det har dessverre vore problem med falske arrangement på Facebook som let som om dei er Det Norske Teatret og ber deg leggje inn kredittkortopplysningane dine. Den einaste måten å sjå framsyninga på er via vår nettside - og du må kjøpe billett i vårt billettsystem.

Korleis får eg tilgang?

Du får tilgang til direktestrøyminga ved å kjøpe ein billett til strøyming, på same måte som du ville kjøpt ein vanleg billett. Etter at du har fullført bestillinga di, vil du kunne navigere til strøymesida. Du får også ei lenke til denne sida sendt til deg på epost etter at du har bestilt og betalt billetten.

Korleis fungerer det?

Strøyminga av framsyninga skjer gjennom ein videospelar på nettsidene våre. Denne får du tilgang til etter at du har kjøpt ein strøymebillett. Du vil også kunne sende videoen til TVen din, dersom du har ein kompatibel mobil og TV som støttar Chromecast eller AirPlay.

Korleis er kvaliteten?

Dersom du har god tilkopling til internett vil vi kunne levere full HD-strøyming til mobilen eller datamaskinen din.

Det er to populære moglegheitar for å strøyme til TV:

Anten via Apple Airplay (Apple TV), eller Google Chromcast.

Apple TV

For å strøyme til Apple TV må du være på samme nett som din Apple TV og nytte deg av Mac eller iPhone med safari som nettlesar. Trykk på symbolet for airplay og velg din Apple TV. Om ikonet ikkje er tilgjengeleg, er det truleg at din telefon ikkje er på same nett.


Korleis bruker eg AirPlay?

For å bruke AirPlay må du bruke iPhone, iPad eller Mac, og Safari som nettlesar. Då vil du kunne sjå eit AirPlay-symbol i avspelingsvindauget.

Google Chromecast

For å strøyme til TVen din med Google Chromecast du nytte deg av Google Chrome nettlesar anten på mobiltelefon (Android) eller på datamaskin (windows eller mac). Det er viktig at du nyttar same nett på Chromecast og telefon/datamaskin. Spelaren hjå oss skal vise eit Chromecast ikon om det er ein chromecast på ditt nettverk. Trykk på denne og velg din Chromecast.

Det er ikkje mogleg å sende frå nettside på iPhone eller iPad til Chromecast på grunn av avgrensingar hos Google.
Dersom du ønskjer å bruke Chromecast må du bruke en PC, Mac eller Android-telefon med Google Chrome-nettlesar.


Nettlesar på TV (eksperimentell)

Sidan det eit mangfald av TV-apparat i dei norske heimane, vil det være ulik prosedyre basert på merke og modell. Om du eig eit relativt nytt TV-apparat, er det truleg mogleg å seg logge inn slik ein gjer på ei datamaskin eller mobiltelefon og sette spelaren i fullskjermsvisning.Vi anbefalar Apple TV eller Google Chromecast for strøyming til TV.-apparat.

Blir framsyninga teksta?

Nei, vi har dessverre ikkje live-teksting på direktestrøymde teaterframsyningar pr. dags dato.

Kan eg sjå ei framsyning etter at ho er ferdig?

Du kan berre sjå framsyninga direkte.

Sjølv om du synst framsyninga er heilt fantastisk er det ikkje er lov til å gjere eigne opptak av direktestrøyminga.