Ytring

Ulikskap og utopien om eit allkunstverk og det egalitære samfunnet

Frå oktober til desember 2023 skal vi ha ein haust der «alt er gratis» for publikum på Scene 3. Denne perioden vil innehalde mellom anna fire Refleksjonsrom med samtalar og foredrag, Dario Fo-framsyninga «Vi betaler ikkje! Vi betaler ikkje!» og ei rad ulike stunt, delvis i samarbeid med det frie feltet. Med dette ønskjer vi å reaktivere Scene 3 som eit rom for eksperiment, slik det var tenkt frå byrjinga, eit kontrapunkt til Hovudscenen. Høg kunstnarleg risikofaktor er idealet. Det er, som kjent, føresetnaden for scenekunstens utvikling.

Skrive av
Julian Blaue
Julian Blaue
Dramaturg

Vi prøver å inspirere og reagere direkte på vår tids utfordringar. På Det Norske Teatret har vi lenge jobba med tematikken «minoritetar i samfunnet» og korleis vi kan inkludere dei i og med teateret, for eksempel menneske med innvandringsbakgrunn (gjennom «Det multinorske») eller kjønsminoritetar (i Skeivt kulturår). Med «Alt er gratis*», ikkje minst gjennom "Refleksjonsromma", ønskjer vi no å sette det teatrale søkelyset på økonomisk ulikskap og eksklusjon i Noreg og verda, i ei tid der ulikskapane aukar og prisane stig.

Når alt er gratis på Scene 3, håpar vi å tiltrekke oss ikkje berre alle dei menneska som vil utforske teaterets eksperimentelle verdi og kritisk undersøke økonomiske eksklusjonsmønstre, men også dei som, potensielt, er utsett eller offer for slike eksklusjonar.

Vi kjem nok ikkje til å realisere utopien om eit egalitært samfunn eller det ferdige allkunstverket denne hausten, men vi vil leite etter eit kritisk vokabular og skape moglegheitsrom, eksperiment, som kan føregripe nye samfunnsutviklingar og kunstnarlege former. Ikkje meir og ikkje mindre.

Fire Refleksjonsrom

Tematikken, økonomisk ulikskap i ei tid der alt kostar for mykje, skal bli spegla, supplert og videreutvikla diskursivt i Refleksjonsromma. Vi inviterer teaterteoretikarar, samfunnsdebattantar, forfattarar, kunstnarar og filosofar til å reflektere over (den ujamne) fordelinga av felles gode.

Prisstiginga gjeld ikkje minst billettane i kulturbransjen. Første Refleksjonsrom er ein paneldebatt om vårt eige felt: «Kva verdi har teateret?». Andre Refleksjonsrom er ein «Economic Theories for Dummies». I tredje Refleksjonsrom, «Kva er problemet?», undersøker vi ein status quo som, globalt sett, er prega av brutal økonomisk ulikskap. I siste Refleksjonsrom, «Kva er løysinga?», formulerer vi ein teatral ideologikritikk og ein utopi om økonomisk likskap.

Med desse fire Refleksjonsromma skal vi vidare-etablere eit tenkeformat på Det Norske Teatret: Teateret er ein stad som ikkje berre skal inspirere til samfunnsdebatt. Det er også eit rom, som har den praktiske og ideelle infrastrukturen, for at debatten kan finne stad.

Eit Refleksjonsrom på eit teater inviterer til å tenkje scenisk, altså potensielt til å ta i bruk teatrale verkemiddel (performativt foredrag); samtidig kan all debatt her med fordel ha teater som eit referansepunkt. Vi understrekar dette ved bevisst å la Refleksjonsromma gå føre seg i scenografien frå framsyningane som blir spelte på Scene 3.