21. oktober 2023: Kva er økonomi? eller Economic Theory for Dummies

Kva gjer vi i ei verd der goda er avgrensa, men behova uavgrensa? Korleis er goda fordelte, og korleis kunne dei vore fordelt?
Slike grunnleggjande spørsmål vil Amund Sjølie Sveen svare på i sitt performative foredrag. Eller som han sjølv seier det:

Alle veit at pengar ikkje er alt. Alle veit at lykke ikkje kan kjøpast for pengar. Alle veit at dei rike blir rikare og dei fattige blir fattigare. Alle veit at jorda er i ferd med å tippe utanfor stupet. Alle veit at det antakeleg ville vore smart å endre ein ting eller to. Alle veit at det er på tide med ein ny iPhone.

24. november 2023: Kva er problemet? eller Pengar og fattigdom

Vi vil sjå nærare på økonomisk ulikskap - og på pengane: Det økonomiske systemet som produserer ulikskap.

Fordeling av goda i eit samfunn er eit menneskeleg val, det finnest ingen naturleg tilstand, slik nyliberalismen fortel oss, for å legitimere pengeinntjening utan reglar og grenser. Forfattar og politikar Mímir Kristjánsson forsvarar at reglane og lovene skal gagne dei svakaste i samfunnet; og ikkje «dei superrike». Dette er tittelen på ein av bøkene hans, der han undersøker dei mest priviligerte sine privilegum. Men på grunnlag av eigen erfaring har Kristjánsson også skrive om dei langt nede i hierarkiet. Med ei mor på uføretrygd, veit han frå innsida kvifor det offentlege ikkje kan plassere ansvaret for samfunnets feilutviklingar hos individet. I sitt foredrag problematiserer Mímir Kristjánsson økonomisk forskjell på bakgrunn av personleg erfaring, skriving av fagbøker og sin eigen politiske aktivitet.

Ein kan oppfatte «kapitalisme som religion», sidan begge gir (irrasjonelle) svar på dei same bekymringane, uro og angst, skreiv filosofen Walter Benjamin. Sofie Marhaug er kjend som Rødt-politikar, men er i tillegg PhD-stipendiat i litteraturvitskap, og ho ser på vår tid med Benjamins briller. For han var kapitalismen ein spesielt nådelaus «religion», sidan dens «kult» for varar og kapital er utan avbrot, ikkje eig moral eller etiske dogme, produserar (gjelds-)skyld utan forløysing og har sjølve mennesket, for ikkje å seie overmennesket, som fetisjert gud. Noko som resulterer i den sterkastes rett. Kan denne modellen brukast til å beskrive kapitalismen i eit av verdans rikaste land, vår såkalla velferdsstat? Vi får høyre Sofie Marhaug sine svar.

Om pengane er verkelege eller fiksjon, altså religiøse fetisjar, som skjuler sine uetiske motiv, er også noko dramaturg Julian Blaue diskuterer i sitt foredrag. Han foreslår ein valuta som er brutalt open om si umenneskelegheit. Tanken er at den ærlege økonomiske brutaliteten blir møtt med motstand, som er føresetnaden for etableringa av eit meir rettferdig økonomisk system.

Dette Refleksjonsrommet er delvis på engelsk.

30. november: Utopi

I Tyskland held den renommerte kritikaren og filosofen Wolfgang M. Schmitt foredrag med mange hundre sjåarar i salen - og mange hundre tusen framfor skjermen. No skjer det også hos oss. I foredraget sitt inspirerer han med utdrag frå kjente filmar og med ideologikritiske metodar til ein “ny-marxistisk” utopi. Han undersøker om Ruben Østlunds Cannes-vinnar Triangle of Sadness har ein positiv omfordelingsvisjon, eller berre er wannabe-kommunisme; eit spel der erotisk kapital blir byta mot økonomisk? Eller han formulerer ein politisk analyse av hushjelpenes vald mot overklassefamilien i Bong Joon-Hos Oscar- og Cannesvinnar Parasitt. Schmitt blir feira for å behandle vanskelege tema nesten popkulturelt. På tide at også Noreg blir vitne til denne sexy og relevante samfunnskritikken. Eksklusivt for Det Norske Teatret utvidar han sin metode for å sjå på teaterets kapitalismekritikk og utopi.
Kan han også dømme over Blaue & Poppy sin vidare lagnad?

15. desember: Teateret sin død og lova sin fødsel?

Jula 2015 vart Blaue & Poppy overfalt av to fattige menn i Rio de Janeiro med stor kniv. Trass i at hendinga var traumatisk, endte dei to opp med å sjå på seg sjølve som overgriparane. Dei vedtok ein "lov mot strukturell vald” og melde seg sjølve for å ha “brote lova” (2018). Vidare gjennomførte performance-duoen ei “etterforskningsreise” (2018) og ein “rettssak mot seg sjølve” (2021). Med denne omvendte kriminalhistoria som bakteppe, formulerer Blaue & Poppy no ein ideologikritikk med ny-marxistiske briller.

Målet deira er at lova mot strukturell vald blir bragt ut av teateret og vedtatt på Stortinget. Er det ein god idé? Eller bør han halde fram med å vere fiksjon? Blaue & Poppy har med seg eit panel: Rødt-politikar og skodespelar Espen Klouman Høiner skal gi råd på vegner av politikk og den kroatiske stjerneregissøren Ivica Buljan på vegner at teater. Scenekunstnar Tuva Hennum kjempar på lova si side. Men siste ord har den tyske kritikaren og filosofen Wolfgang M. Schmitt. Blaue & Poppy lar kunstdommaren Schmitt avgjere korleis deira lange odyssé skal ende.
Blir lova verkeleg, kan ingen kjenne seg trygge på at dei er uskuldige.

Scenografar Pelle Brage & Julia Rosa

Arrangementet er på engelsk.

THIS HAPPENING IS IN ENGLISH.

«Alt er gratis*»

Arrangementa er del av «Alt er gratis*»-perioden på Scene 3 hausten 2023.
Gratisbillettar til framsyninga blir tilgjengeleg kl. 08.00 7 dagar før speledato.
Det er avgrensa tal på plassar, og stor rift om billettane!