Ytring

Teater - trass alt!

Skrive av
Erik Ulfsby (teatersjef) og Hans Antonsen (direktør)
Erik Ulfsby (teatersjef) og Hans Antonsen (direktør)
-

Det Norske Teatret må, og vi vil, spele teater til hausten. Uansett - og trass alt. Verda er i krise. Historia har vist oss at nettopp kunst og kultur kan og bør spele ei avgjerande rolle i krisetider. Vi er eit hus fylt til randa med kompetente medarbeidarar som ønsker å bidra. Dei må vi bruke no! Summen av omstende, både økonomiske og helsemessige, gjorde det dessverre nødvendig å stenge teateret og permittere dei tilsette 80%.

Men no både trur og håper vi at ein god dialog med Kulturdepartementet og styresmaktene elles vil gjere det mogleg for oss å ta den store risikoen det er å spele teater igjen til hausten. Samfunnet treng kunst og kultur for å komme seg ut av krisa! Hindringane er mange og mykje er usikkert. Men moglegheitene ligg der òg!

Kanskje kan vi samle mykje folk i salen, kanskje få, kanskje berre ein. Men så lenge eitt menneske er der, så finst teateret. Eit kvart slikt møte har verdi. Kanskje kan vi finne måtar å sende framsyningane våre på som tar vare på dei kunstnarlege ambisjonane våre og som eit stort publikum òg er villige til å betale for? Kanskje finst det gode samarbeidspartnarar i ein film- og TV-bransje som òg slit no?

Vi veit ikkje. Men vi må, vi vil, prøve!

Publisert 23.04.20

Frå torsdag 7. mai er det lov å samle inntil 50 personar i teateret.

Da gjer vi det og inviterer til premiere på Jakob og Neikob og Alle Andre på Scene 3! Ei poetisk, morosam og leiken framsyning som passar for barn frå 3 år og oppover. Vi trur det har stor symbolsk verdi at vi kan opne med ei framsyning nettopp for barn. Dei har vore utan venner, utan barnehage og skule. Som eit teater som har barn og unge som eit satsingsområde tenkjer vi det blir ei viktig markering.

Mykje står igjen før Det Norske Teatret kan opne dørene for fullt. Kulturlivet over heile landet treng konstruktiv dialog med Kulturdepartementet framover, men for ei glede likevel å endeleg kunne seie: Velkommen i teateret!

Publisert 01.05.20

Prøvene på Bienes historie tar til om ei dryg veke. Hindringane er mange og mykje er enno usikkert, men vi har ein ambisjon om å få det til – i ei eller anna form. Urpremieren er 5. september på Hovudscenen. Vi kan ikkje få nok av Ingrid Nylander sine nydelege kostymeteikningar medan vi ventar!