Kampanje

Vi ønskjer å oppnå

Økonomisk likestilling. Staten bør følgje opp si eiga språklov med å likestille det nynorske nasjonalteateret/Det Norske Teatret med Nationaltheatret.

Kompensere for tapt løns- og prisauke. Dei siste 30 åra har Det Norske Teatret mista nær ein million i året. Vi kan ikkje sitte stille og berre tilpasse oss kutt i løyvingane. Norsk språk og norsk kultur taper terreng i eit stadig meir globalisert underhaldningstilbod.

Korleis kan du hjelpe?

• Del gjerne, dersom du støttar Det Norske Teatret! Materiell under.

Støtt gjerne aksjonen økonomisk. Du kan anten gi eit valfritt beløp, eller kjøpe ein av fordelane i fordelsprogrammet vårt.

• Er du med i eit lag eller ein organisasjon som vil støtte kampanjen, kan du finne kampanjemateriell her.

Materiell til deling på Facebook

Høgreklikk og vel "Kopier bilde" og vel "lim inn" på Facebook. Skriv gjerne inn di personlege meining om kvifor du støttar aksjonen!

Materiell til deling på Instagram

Klikk på bilda og last dei ned til din mobil, og last deretter opp på din profil.

Materiell til deling på Instagram Story

Klikk på bilda og last dei ned til din mobil, og last deretter opp i din Story.

Film til deling på Instagram/Facebook Story eller side

Tusen takk for at du engasjerer deg!