Støtt aksjonen

Hjelp Det Norske Teatret med å tette gapet i offentleg støtte mellom dei to nasjonale teatera i hovudstaden.
Vel du å gi eit av dei fastsette beløpa, vil du følgande måndag få ein e-post med informasjon om takkegåva di.
Tusen takk for at du støttar oss!
Lag og foreningar som vil støtte og treng faktura, må kontakte oss på tlf 22 42 43 44 eller sende mail til hei@detnorsketeatret.no
.

Støtt via Spleis!
Du kan også støtte oss ved å nytte Spleis. Her kan du også gi ein valfri sum.
Spleis her!.

"Kaffipengar", 100,-
Forgjengarane våre samla inn pengar på kaffistover rundt om i landet for å finansiere bygginga av teateret. No treng vi igjen "kaffipengar" for å minne styresmaktene på kva som manglar i kassa. Gi 100 kroner i kaffipengar - og få ein historisk, digital teaterplakat som takk!
Gi 100,-
Billett til direktestrøyming, 250,-
Gir du 250 kroner, får du tilgang til å sjå direktestrøyming av Spynorsk. The Musical i 2024!
Gi 250,-.

Direktestrøyming og teaterbillett, 500,-
For 500,- får du tilgang til direktestrøyming av Spynorsk. The Musical og 20 % rabatt på ein billett til ei valfri framsyning.
Gi 500,-
Ein stol i salen, 10.000,-
For 10.000 kroner får du namnet ditt på ein plakett på ein stol i salen til Hovudscenen. Den blir da symbolsk din i 10 år.
Gi 10.000,-