Romina Yanarello
Etter å ha fullført konditorutdanning i Argentina, var Yanarello ein av få som kvalifiserte seg til studia ved Basque Culinary Center i San Sebastian, Spania. Etter studia fekk ho erfaring ved Michelin-restaurantar i København. Nyleg har ho vore sjefkonditor ved velrenomerte fine dining-restaurantar i både København og Oslo.
Nicolás Peranic
Etter utdanninga ved Argentinian Gastronomy Institute, starta Peranic kokke-karrieren ved 5-stjerners restaurantar ved hotell i Buenos Aires. Deretter fekk han ytterlegare erfaring ved ein fine dining-restaurant i Mexico. Etter mange år reiste han til Skandinavia, og har jobba ved nokre av dei beste restaurantane i Danmark og Noreg, mellom andre 108 i København og Maaemo i Oslo.
I 2021 opna dei gatematkonseptet De Mi Tierra i lag - først på Via Village i Vika, og så i lokala til Oslo Street Food i Torggata. Hausten 2024 opnar dei for første gong ein eigen restaurant, og det skjer på Det Norske Teatret. Og her blir det servert meir enn empanadas, som har vore hovudretten i gatematkonseptet.
På SUR by De Mi Tierra kan du vente deg smaksrik mat med inspirasjon frå Sør-Amerika, servert i ei avslappa stemning.
SUR betyr både ´sør´ og ´sur´ - og viser til inspirasjonen frå Sør-Amerika og smaken syrleg, som er til stades i ulike sausar og dippar.