Bli teaterkontakt for skole!

Som lærar kan du bli teaterkontakt for skole! Perfekt for deg som ønskjer å halde deg oppdatert.

Det Norske Teatret skal:
– til ei kvar tid ha eit engasjerande og godt tilbod for barn og vere eit teater som er attraktivt for ungdom
– vere eit teater med eit høgt utvikla tilbod innan skoleformidling
– vere ei serviceinnstilt kunnskapsbedrift som kombinerer levande formidling av repertoaret med fagleg gode verktøy
– vere i aktiv dialog med skolane

For å få fortløpande informasjon på e-post, registrer deg som skoleteaterkontakt.