2002 ntoro yume 2002 ntoro yume
Årets kinooppleving på teater!
2002 ntoro yume er en feberdraum frå eit år som verkar utruleg langt borte. I ein draumeaktig VideoNova-sjappe lagar fem menneske tidanes kinofilm med inspirasjon frå dei største blockbustarane frå 2002.
2002! Det uskuldige året da «ingenting» skjedde, bortsett frå at Halle Berry vann Oscar. Mote, musikk, TV-seriar og dataspel frå tusenårsskiftet blir no brukte som røyndomsflukt. Kill Bill, Matrix, Charlie’s Angels!
Vi trudde faktisk at ting skulle bli betre. At teknologien skulle hjelpe oss å komme nærare kvarandre, vi trudde på USAs crazy imperialisme og at overvaking skulle forhindre terror.
Men før filmen begynner må du ta eit val
Du får utdelt headset og må velje mellom tre lydspor. Du vil kunne oppleve den trippy og action-packa filmen 2002 ntoro yume på den eine kanalen, eller den nære og djupe 2002 ntoro yume-samtalen på den andre. Alternativt kan du kople av med bonuskanalen og berre høyre på nokre bangers via 2002 ntoro yume sin radio. Kvar framsyning blir unik – og du må velje di eiga historie.
Velkommen til 2002 og ntoro yume!
Vel DI historie!
For å finne ut kva for historier du burde følge, trykk deg gjennom 2002 ntoro yume simulatoren!
Klikk her!Kjøp billett
Vel speledato for 2002 ntoro yume
-
Utseld
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar