Notis

Ina Svenningdal og Kaia Varjord er fast tilsette ved Det Norske Teatret

I dag avgjorde teatersjef Erik Ulfsby å gi fast tilsetjing ved teateret til skodespelarane Ina Svenningdal og Kaia Varjord.

- Det er alltid ei glede å styrke det faste ensemblet ved teateret med nye skodespelarkrefter. Ina og Kaia er vidt forskjellige, men har begge over år vist at dei er allsidige skodespelarar som styrker ensemblet ved teateret på kvar sitt vis, seier ein glad teatersjef Erik Ulfsby. Han meiner det er ei ekstra stor glede å kunne gi to skodespelarar trygge rammer i ei usikker tid som den vi er inne i.

Ina Svenningdal (27) frå Oslo er utdanna ved skodespelarutdanninga ved Kunsthøgskolen i Oslo (2019). Ho byrja tidleg med teater, og var første gongen på ein stor scene i Putti Plutti Pott da ho var fem år (2001, 2002). Etter skodespelarutdanninga debuterte ho som profesjonell skodespelar i Indigo Englehår ved Brageteatret i 2019, deretter var ho del av produksjonen Sykt blod. Sidan har ho vore knytt til Det Norske Teatret, og vore del av produksjonane Berenice, Lehmantrilogien, Tolvskillingsoperaen, Tryllefløyta, Kristin Lavransdotter og Into the Woods, i tillegg til Vikla inn i blått og Keeperen og havet. Svenningdal har vore med i fleire TV-produksjonar i NRK: Linus i Svingen, Jul i Svingen og alle sesongane av SKAM.
For tida er ho aktuell som Anna i Frost og til våren i Spynorsk. The Musikal.

Kaia Varjord (45) frå Akershus gjekk ut frå Statens Teaterhøgskole i 2005, og har jobba ved både Nationalteatret, Oslo Nye Teater og Riksteatret. Sidan 2007 har ho vore knytt til Det Norske Teatret og spelt ulike roller i m.a. Få meg på, for faen, Sjuk ungdom, Mor Courage, Vår vesle, Inkognito, Andre verdskrigen – Natt i verda, Raskolnikov, Kristin Lavransdotter, og tittelrolla i Mitt namn er Rachel Corrie. Ho har hatt roller i fleire filmar, m.a. som Karianne i 90 minutter. Ho har også vore med i ei rad TV-seriar, for tida i krimserien Wisting på Viaplay.
På Det Norske Teatret er ho no å sjå som Svein i Frost og som ei av hovudrollene i Tatovering til våren.

Publisert 22. desember 2023.