Notis

H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit er høg beskyttar for Den internasjonale Fossefestivalen

H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit er blant dei trufaste lesarane til Jon Fosse og har takka ja til å vere høg beskyttar av DIFF - Den internasjonale Fossefestivalen.

Gjennom Nobelprisen har Jon Fosse fått betydeleg merksemd i den internasjonale litteraturverda. At H.K.H. Mette Marit no står som beskyttar av festivalen som ber Fosse sitt namn, vil gi festivalen viktig tyngd og kraft i det framtidige arbeidet med å kuratere festivalen.

Samstundes understrekar denne beskyttarskapen ytterlegare den betydninga Fosse har i norsk og internasjonalt kulturliv. Det er kort og godt av stor betydning for Det Norske Teatret og for festivalens posisjon. Kronprinsessas anerkjenning vil fungere som ein viktig døropnar for det internasjonale samarbeidet i scenekunsten.