Samtale med Vigdis Hjorth
Introduksjon før framsyninga Arv og miljø

I samarbeid med Venner av Det Norske Teatret inviterer vi til introduksjon med Vigdis Hjorth før framsyninga Arv og miljø.
Kritikarrost roman blir teater
Arv og miljø er ei dramatisering av Vigdis Hjorths roman frå 2016. Romanen blei ein bestseljar og trefte lesarar over heile landet med si brutale skildring av familierelasjonar og løyndomar som boblar opp til overflata. Det heile blir utløyst av eit arveoppgjer i samband med at faren til Bergljot døyr. I kjølvatnet av ei konflikt rundt to sommarhytter på Hvaler, blir gamle historier om overgrep og ulike oppfatningar av kva som eigentleg har skjedd sett i spel.
Hjorth blei heidra med både Bokhandlerprisen og Kritikerprisen for romanen. Dramatiseringa av Arv og miljø hadde premiere på Den Nationale Scene i Bergen i 2018 til fantastiske kritikkar, og blei nominert til Heddaprisen både for Årets framsyning og Beste regi. No kan publikum på austlandet oppleve framsyninga, når den får nypremiere på Det Norske Teatret med Kjersti Elvik i spissen for eit nytt ensemble.
Møt Vigdis Hjorth før framsyninga
Tysdag 6. mai kl. 18.00 inviterer vi til ein introduksjon med Vigdis Hjorth i samtale med leiaren i Vennelaget Astrid Versto. Denne introduksjonen er i samarbeid med Venner av Det Norske Teatret. Samtalen er gratis og open for alle og skjer på Midtgolvet, i foajeen på teateret. Merk at det er avgrensa med sitteplassar.
Vil du vite meir om teaterets vennelag? Les meir her.
Foto av Vigdis Hjorth: Sara Angelica Spilling/Cappelen Damm